Vil ha nasjonalt opprør mot asylpolitikken

Planane om å returnere asylsøkarar opprører ordføraren i Tingvoll. No tek han initiativ til eit opprør blant norske ordførarar.

Peder H. Aasprang

Peder H. Aasprang (Sp) er ordførar i Tingvoll. No vil han ha eit nasjonalt ordføraropprør mot asylpolitikken.

Foto: Remi Sagen / NRK

Peder H. Aasprang representerer eit parti som sit i regjeringa. Som senterparti-ordførar bed han no alle norske ordførarar om å markere seg som motstandarar av asylpolitikken. Målet er å hindre at etiopiske barn blir sende ut av landet med tvang.

– Det er mange som er opprørt no. Både skule, apparatet rundt desse barna, og familiane har sterke reaksjonar. Vi kan ikkje ta sjansen på å sende desse tilbake til regima i Etiopia og Eritrea, seier Aasprang.

Det er den ferske returavtalen mellom Noreg og Etiopia som får Tingvollordføraren til å reagere. Sjølv har han ein familie med to barn frå Etiopia i sin kommune. Dei kan etter avtalen bli sende tilbake når som helst.

Eg er ordførar for alle innbyggarane i kommunen. Dermed er dette ei viktig sak å engasjere seg i. No må vi sende eit sterkt signal til regjeringa, seier Aasprang.

Kor stor oppslutnad trur du at du får?

– Det er sterkt politisk fokus på dette no. Vi må få til klare tilbakemeldingar.

– Men du er sjølv med i eit av regjeringspartia. Er det ikkje litt naivt å tru at du får massiv støtte?

– Nei. Senterpartiet har signalisert kva vi meiner om denne saka. No må vi seie kva vi meiner om dette. Også i Arbeidarpartiet er det ein gryande motstand mot å behandle barna frå desse landa på ein slik måte, seier Aasprang.

Siste video/lyd

Distrikta kjem til å tape på den nye politireformen. 
Det meiner pensjonert lensmannsbetjent Johan Arnt Overøye. 
Med over 20 års erfaring frå ulike jobbar i politiet kjenner han etaten godt...
Ein drøy månad før seriestart, reiste i dag Kristiansund stadion si første lysmast godkjend for eliteserien. 
Tida er knapp, men klubben lovar å ha heimearenanen klar til seriestart mot Molde 1.april
I dag starta bygginga av den første Hurtigruta på Kleven verft. No venter eit stort arbeid. Konsernsjef i Hurtigruten føler seg trygg på at dei kjem til å få byggje fire ekspedisjonsskip ved Kleven.