Hopp til innhold

Michiel er redd for å sitte livet ut på asylmottak

73 år gamle Michiel har budd på mottak i 12 år, og er bekymra for framtida. Frykta er å bli her resten av livet. Regjeringa meiner nemleg me ikkje må legge opp til at fleire asylsøkjarar med avslag nektar å reise heim.

Michiel Tesfagaber Teklom

– Livet mitt kan ikkje enda som dette. Eg vil sleppa å leva livet mitt på asylmottak. seier Michiel Tesfagaber Teklom

Foto: Linda Pedersen / NRK

– Livet mitt kan ikkje enda som dette. Eg vil sleppa å leva livet mitt på asylmottak. seier Michiel Tesfagaber Teklom

Foto: Linda Pedersen / NRK

Gamle arbeidshender blir trekte i eingongshanskar, og Michiel Tesfagaber Teklom bløyter moppen i såpevatn. Det er tysdag og vaskedag på Setermoen asylmottak i Troms.

Den tidlegare gardbrukaren og birøktaren er glad for å ha noko å gjera, men aller helst ville han hatt ein skikkeleg jobb og ein meiningsfylt kvardag.

Sjølv om han ikkje er like sprek som før, så er det framleis krefter att i kroppen og godt omløp i hovudet, slår han fast.

Men psyken er litt tynnsliten etter mange år med einsemd, tomme dagar og lite håp.

Michiel Tesfagaber Teklom

Michiel Tesfagaber Teklom bur på mottak, men har endeleg avslag på asylsøknad.

Foto: Linda Pedersen / NRK

Har ingen rettar

UDI meiner det er trygt for Michiel å reise heim, og at han ikkje treng å bli beskytta i Noreg. Michiel er ueinig.

– Det finst ikkje andre alternativ for meg enn å bli, seier han.

Eritrearen forklarer på gebrokkent engelsk og eit kroppsspråk som prøver å hjelpe til. I over 12 år har han budd på asylmottak i Noreg, og det vil neppe endre seg med det første.

Han er ein av ca. 270 bebuarar på norske mottak med endeleg avslag på asylsøknad og utreiseplikt, og som har vore her i ti år eller meir, ifølge tal frå Utlendingsdirektoratet, UDI.

Mange av dei kjem frå Etiopia, Eritrea og Iran. Det er land som det er vanskeleg for norsk politi å returnere dei til.

UNE har tidlegare i år uttalt at Noreg ikkje har tvangsreturnert eritrearar de siste årene fordi det er stor usikkerheit rundt kva for reaksjonar ein tvangsreturnert eritrear vil bli møtt med.

Desse har ikkje rett til arbeid, utdanning eller anna enn akutt helsehjelp, men barn får gå på skule.

Blir sitjande livet ut

Det har blitt færre og færre bebuarar på norske asylmottak dei siste åra. Samanlikna med toppen på over 30.000 i 2015 er det nå om lag 2500 igjen.

Nesten 600 har fått endeleg avslag på asylsøknad, og må forlate landet.

Men det er ikkje alltid så enkelt å få dei til å reise heim, og nokon blir sitjande på mottak ulovleg heilt til dei døyr.

Noreg lar folk gå til grunne meiner NOAS, og ber styresmaktene rydde opp.

Ønsker seg opprydding

Me håper at det nye Stortinget nå ser at det er behov for ei opprydding, som sikrar at dei få som har blitt verande over så lang tid, får moglegheita til eit liv i Noreg.

Jon Ole Martinsen, seniorrådgiver NOAS

Seniorrådgjevar i NOAS, Jon Ole Martinsen.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Seniorrådgjevar i NOAS, Jon Ole Martinsen, meiner det vil koste Noreg lite å hjelpe dei det er snakk om.

Me har eit håp om Stortinget og regjeringa kan finna ei løysing som gjer at dei som har vore her lengst, gjerne meir enn ti år, blir gjeve ei tillating, og at ein samstundes får på plass ei meir varig løysing som sikrar at me ikkje kjem i situasjonar som denne.

Foreslår ny eingongsløysing

I april i år innførte den dåverande regjeringa ei eingongsløysing for dei som hadde vore i landet i 16 år og meir, eller hadde samla butid og alder på 65 år og meir, kunne søke om opphald.

Søknadsfristen gjekk ut 1. desember.

Utlendingsnemnda fekk rundt 140 søknadar, der 87 var behandla per 15. desember, og 37 av desse innvilga. UNE forventar at dette talet vil auke når fleire søknadar har blitt behandla.

– Eingongsløysinga omfattar svært få, det er snakk om nokre få titals som oppfyller vilkåra for å kome under denne løysinga. Difor er den verken brei nok, eller treff dei den var meint å treffe, seier Martinsen.

Mangla seks månadar

Ei av dei som nesten kom inn under ordninga er 66 år gamle Fatemeh Varmazyar frå Iran, som har budd 16 år på asylmottak i Trondheim.

Varmazyar har konvertert til kristendomen, og forklarer via tolk at ho ikkje kan reise tilbake til Iran då ho er redd for overgrep frå sin eigen familie.

I tillegg har ho alvorlege helseproblem, og saknet etter barna i heimlandet har gjort henne deprimert, fortel ho.

Fatemeh Varmazyar

FEKK AVSLAG IGJEN: 66 år gamle Fatemeh Varmazyar mangla seks månader for å fylle kriteria for å få opphald, og må framleis leve utan rettar i Noreg.

Foto: Privat

Fatemeh mangla seks månadar på å ha vore i Noreg i 16 år då eingongsløysinga kom. Dermed fekk ho avslag på søknaden sin.

NOAS foreslår ei ny eingongsløysing, men at denne blir utvida slik at dei som har vore i landet i ti år eller meir og kjem frå krigsherja land, kan få opphald.

Det kunne betydd eit liv utanfor mottaket for Fatemeh og Michiel.

Regjeringa seier nei

Justisminister Emilie Enger Mehl avviser forslaget til NOAS.

– Me har nettopp hatt ei frist for å søke på førre løysing. Nå er det ikkje naturleg for regjeringa å utvide eingongsløysinga. Personar som ikkje har rett til å vera i Noreg må forlate landet. Og me kan ikkje ha ordningar som stimulerer til at folk motset seg retur, seier ho.

Emilie Enger Mehl.

Justisminister Emilie Enger Mehl seier me ikkje kan ha ordningar som stimulerer til at folk motset seg retur.

Foto: Mette Vollan / NRK

Mehl understrekar at alle har rett til å få ei rettvis behandling av asylsøknaden sin, men:

– Me er nøydde for å ha eit system som ikkje undergrev asylinstituttet. Det inneber også at dei som får avslag må reise ut.

Ueinige om det er trygt

Michiel beskriv livet på mottaket som eit fengsel, sjølv om han kom hit av fri vilje. Og han vel å bli verande i Noreg, sjølv om det betyr eit liv med lite innhald og mykje bekymringar.

Rom på asylmottak.

Her har 73 år gamle Michiel budd i 12 år.

Foto: Linda Pedersen / NRK

Ei av dei største bekymringane er at helsa skal svikte, då han veit at det er svært avgrensa kva hjelp han vil få om det skjer. Og han har sett det skje med andre i hans situasjon.

Uvissa slit, men han held seg i gang som best han kan. I dag med skureklut på det vesle kvite rommet, med ei smal seng lite anna.

Livet mitt kan ikkje enda som dette. Eg vil sleppa å leva livet mitt på asylmottak. Håpløyse er veldig vanskeleg.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark