Ombodet ville at bygget skulle stengast innan midnatt i går, fordi det er store sopp- og råteskadar i fengselet.
Går gjennom bygget
Før helga var ekspertar på plass for å undersøke helsefaren i bygget. Men konklusjonane deira var ikkje eintydige. Fengselsleiinga gjekk inn for å utsette ei stenging til påske, men oversendte saka til Arbeidstilsynet for endeleg avgjerd. I helga har dei jobba med saka, og konkluderer altså med at helsefaren ikkje er akutt. I morgon kjem dei til å gå gjennom bygget, og først då vil dei ta ei endeleg avgjerd i saka.
Kortsiktige tiltak
Dei 15 tilsette og 13 innsette må difor belage seg på å vente enno ei tid før dei veit kva som skjer. Bedriftshelsetenesta har foreslått kortsiktige tiltak, og dette meiner distriktssjef i Arbeidstilsynet Olaug Flø Brekke bør gjennomførast før ein eventuelt stenger heile fengselet.
Vil bli tømt
Hovudvernombod Anne Hagen Fevang meiner opphevinga av hennar stengingsvedtak er som venta, men er likevel glad for at noko no skjer i denne saka.
Og Molde fengsel vil bli tømt for innsatte når utbedringsarbeida startar. Det seier assisterande regiondirektør i Kriminalomsorg Vest, Leif Waage.
Molde fengsel blir ikkje stengt i denne omgang. Foto:Gunnar Sandvik, NRK