Førre helg var det innbrot i huset, og veggane blei tilgrisa av satanistiske symbol.
Oppgitt
Foto: Pål Bakke
Det er 11 gong dette skjer sidan påske i fjor, og leiar Gjert Gjertsen i husstyret er oppgitt.
- For oss som bruker mykje tid og krefter på å prøve å halde huset vedlike, så er det trist og deprimerande når slikt skjer. Men det er ikkje sikkert at dei som driv med dette har det så godt heller, seier han.
Foto: Pål Bakke
Tilgrisa
Veggane på bedehuset er tilgrisa med slagord som slett ikkje høyrer heime på eit bedehus. "Vigrid", "Burn in hell", og eit kors som er snudd opp ned er noko av det som møtte Gjert Gjertsen då han kom til bedehuset etter helga.
- Symbola står for det som er det motsette av det vi arbeider for her ved bedehuset. Vi vurderer no å sette opp overvakingskamera for å unngå at dette skjer igjen. Men vi vil helst sleppe det, sidan dette skal vere eit hus som er ope for alle, seier Gjertsen.