Høgre og Frp meiner forlenginga av Krifastbommen må vere eit av alternativa i utgreiinga om finansiering av vegprosjekt på Nordmøre.
Frp måtte tole hard kritikk for at dei opna for forlenging av bompengeperioden, skriv Tidens Krav.
Frp har programfesta at dei er imot bomstasjonar på prinsipielt grunnlag.
Det vart ikkje tatt noko avgjerd om at det skal krevjast inn bompengar utover perioden i går. Det fleirtalet på 24 mot 21 røysta for, var at Krifast skal vere ein del av utgreiinga om ei heilheitlig løysing for viktige vegprosjekt på Nordmøre.