Hopp til innhold

Opera-pensjonist som 55-åring

Etter 19 år ved Den Norske Opera, var det fredag kveld klart for siste framsyning som fast solist for Magne Fremmerlid. Men operasongaren frå Skodje har ingen planar om å legge songen på hylla.

Magne Fremmerlid
Foto: Erik Berg, Den Norske Opera & Ballett

Med trampeklapp viste ein fullsett sal på Scene 2 ved operaen i Oslo tydeleg kva dei syntest om framsyninga «Ringen på 80 minutter», som er avskjedsframsyning for både Magne Fremmerlid og mezzo-sopranen Hege Høisæter.

Etterpå tok ein smilande Fremmerlid mikrofonen, og takka for tida i den musikalske storstova i Bjørvika.

– Eg har elska denne jobben. Det å få jobbe med så mange flotte menneske, som verkeleg brenn for jobben sin, det trur eg er noko spesielt her på operaen, sa Fremmerlid frå scenen.

Sytti roller

I 1997 fekk han fast plass i solistensemblet ved nasjonaloperaen. Sidan den gongen har det vorte meir enn sytti små og store bass-roller, og ofte har han framstilt skurken eller den med vonde hensikter.

– Då operasjefen heldt avskjedstale til meg, sa han at eg hadde vorte ekspert på drittsekkroller. Det tek eg som ein kompliment, ler Fremmerlid.

Magne Fremmerlid

VÅTT: Song i badekaret i avskjedsframsyninga til songaren frå Skodje.

Foto: Erik Berg, Den Norske Opera & Ballett

Samla slekta

Familie og venner hadde samla seg i operaen fredag, og slekta frå Sunnmøre var også flogen inn for høvet. Også andre som har spelt ei rolle i Fremmerlid si karriere, var på plass. Ein av dei som vart trekte fram av Fremmerlid sjølv, var kantor Ola Eide i Spjelkavik kyrkje. Han var lærar for Fremmerlid ved Borgund folkehøgskule.

– Ola spelte frå Messias av Händel til oss, og då vart eg hekta på klassisk musikk. Sidan har eg elska denne musikken, sa Fremmerlid frå scenen.

Eide sjølv syntest det var både kjekt og overraskande å bli heidra.

– Eg kjenner jo Magne veldig godt, men eg hadde ikkje venta å bli nemnd. Eg er berre ein liten brikke i eit langt kunstnarliv, seier Eide.

Blanda kjensler

For Fremmerlid er det å bli pensjonist noko han møter med blanda kjensler. Ifølgje lova må operasolistar pensjonere seg når dei er 52, og Fremmerlid har allereie fått tre års utsetjing frå den regelen. Men no er det altså slutt.

– Eg føler meg på topp som songar, og har aldri fått betre roller enn no. Så slik sett kjennest det litt rart. Samstundes skal det bli fint å sleppe å spørje om fri, og i staden kike i avtaleboka og sjå om eg har høve til å vere med på eit prosjekt, seier Fremmerlid.

Og prosjekta blir ikkje få, sjølv om han no etter kvart må flytte ut frå den faste garderoben sin i Bjørvika. Allereie til hausten er han tilbake på operaen i ei gjesterolle. Og for fansen i heimfylket er det mykje i vente.

– Først blir det Fjord Cadenza i Skodje i august, så skal eg ha sommarkonsert på Sandsøy, og deretter skal eg turnere med Tryllefløyten på alle barneskulane i Ålesund, seier Fremmerlid.

Men på operaen blir han no altså ikkje like fast inventar som han har vore.

– Det har stort sett vore heilt fantastisk. Det å stå på denne scenen og synge, det må vere noko av det finaste ein kan gjere.

Magne Fremmerlid Lady MacBeth

HØGDEPUNKT: Eit av mange høgdepunkt for Fremmerlid i Den Norske Opera var Lady MacBeth av Sjostakovitsj.

Foto: Eirik Berg, Den Norske Opera & Ballett

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL