Hopp til innhold

Ønskjer å starte opp att asylmottaket i Molde

SV i Molde meiner at høgreordførar, Torgeir Dahl, er for passiv når han ikkje vil ta initiativ til gjenopning av Molde asylmottak.

Bjørn Jacobsen SV

SV i Molde vil ha opna opp igjen Molde asylmottak, som blei lagt ned før jul i fjor.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

SV i Molde vil opne opp igjen Molde asylmottak, som blei lagt ned før jul i fjor. Høgreordførar, Torgeir Dahl, vil derimot ikkje at kommunen skal ta initiativ til gjenopning, utan at UDI kjem med klare signal om at dei ønskjer det.

Det er ei for passiv haldning, meiner Bjørn Jacobsen i Molde SV.

– For flyktningane er det no eller aldri og då må vi stille opp av humanitære grunnar, seier han.

Ønsker vidare politisk støtte

Flyktningstraumen kjem no for fullt også til Norge. Utlendingsdirektoratet etterlyser nye asylmottak og seier det hastar.

– Eg meiner at vi må følgje opp denne etterlysinga i Molde. Eg håpar og trur at dersom fleire parti i Molde støttar opp om forslaget vårt, så vil det vere mogleg å få fortgang i denne prosessen, seier Jacobsen.

Han meiner at Molde har den nødvendige kompetansen for å drive eit slikt mottak.

– Vi kan ikkje forvente at kommunar som ikkje har erfaring med dette skal vere dei som melder seg først, seier Jacobsen.

– No må Molde gå føre som eit førebilete, og så kan resten av kommunane følgje etter, held han fram.