Hopp til innhold

Legg ned avdeling ved asylmottak

Avdelinga for mindreårige asylsøkjarar på Tingvoll vert lagt ned. 15 tilsette vil kunne misse jobben.

Video Asyl Tingvoll

– Alle tilsette er no orientert, og vi må no starte ein prosess for å sjå kva som kan gjerast, seier mottaksleiar Åshild Husby Bergem til Tidens Krav .

Dei tilsette vart måndag orientert om at Utlendingsdirektoratet vil legge ned avdelinga for mindreårige ved asylmottaket i Tingvoll, som vert drive av kommunen.

Ifølgje Tidens Krav husar avdelinga i dag 16 mindreårige, men den har plass til 30 personar. Totalt på asylmottaket bur der 121 asylantar.

– Avdelingen skal leggast ned 31. mars, seier Husby Bergem til avisa.