NRK Meny
Normal

Endeleg lyser Ona fyr igjen

Etter omfattande oppussing gjennom sommaren er lyset i landemerket på Ona tilbake i kveld.

Ona fyr

I dag vart lysa på Ona fyr tent att etter fleire månader i mørke.

Foto: Hilde Sørmoen

Oppussingsarbeidet starta då fyret blei sløkt for sommaren i slutten av mai i år. Sidan då har fyret fått ei ansiktsløfting gjennom fjerning av rust, skifting av vindauge, reparasjon av lekkasjar, sandblåsing og måling.

– Har vore sakna

Ona fyr med stillas

Det står att litt målararbeid på Ona fyr før stillaset kan rivast.

Foto: Roar Strøm / NRK

No er øvste delen av fyret – ned til galleriet – ferdig pussa opp, så i dag var det tid for å sette fyret tilbake i drift.

– Ja, no blei det endeleg lys igjen, seier senioringeniør i hamne- og farvannsavdelinga i Kystverket, Odd Eide, etter å ha kopla til straumen og testa lyset i ettermiddag.

– Det er mange som har sakna lyset i fyret og spurt etter det, seier Eide. Spesielt her ute er fyret viktig for folk, så det er triveleg å sjå t alt fungerer.

Landemerke

Ona fyr under oppussing

Landemerke: Ona fyr har stått på Onakalven sidan 1867.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ona fyr står på Onakalven, det høgste punktet på øya Ona i Sandøy. Der har fyret stått som eit ikon og landemerke sidan det blei bygt i 1867. Fyret blei freda i år 2000 og er pussa opp i nært samarbeid med Fylkesmannen, seier avdelingssjef i Kystverket, Ole Bjørn Molnes.

– Fyret er bygt av støypejern, så då er det visse måtar det må gjerast på og visse typar måling som kan brukast, og det har vi teke omsyn til, seier Molnes.

Litt arbeid igjen

Odd Eide på Ona fyr

Senioringeniør i hamne- og farvannsavdelinga i Kystverket, Odd Eide, sette Ona fyr i drift igjen etter oppussinga i sommar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Stillaset blir ståande rundt Ona fyr ei stund til, for det står framleis att litt sandblåsing og målearbeid frå under galleriet og ned. Det reknar Kystverket med skal vere ferdig i løpet av to til tre veker.