Den tidlegare statseigde bedrifta Olivin på Åheim i Vanylven fekk i fjor amerikanske eigarar gjennom selskapet North Cape Minerals, NCM.
Eigarane vil no effektivisere drifta og har foreslått å kutte 21 stillingar. Vanylven er allereie hardt ramma av arbeidsløyse, og signala frå Olivin har difor skapt sterke reaksjonar i lokalmiljøet.
Krev fakta
Arbeidsmandsforbundet i Møre og Romsdal kravde fredag at leiinga kjem med fakta på bordet om at Olivin faktisk sparer noko på stillingskutta.
Men etter eit møte mellom leiinga og dei tillitsvalde fredag, vart det altså klart at avgjerda er utsett, seier direktør Birger Solberg
Etter ferien
Ifølgje Solberg vil dei vente til etter sommarferien med å ta fatt i oppgåva med korleis nedbemanninga skal skje.
Hovudtilitsvald Arvid Thue, seier dei vil kome med sine alternativ til stillingskutt i september.