Hopp til innhold

Olav har gitt orientering ein oppsving

Han tok to gull og eitt sølv i det nyleg avslutta orienterings-VM, Olav Lundanes. I takt med desse medaljane og tidlegare prestasjonar har orienteringsgruppa til Emblem IL fått stadig meir merksemd.

Olav Lundanes
Foto: Adam Ihse/TT / NTB scanpix

Lundanes spring no for Halden, men Emblem er moderklubben, og var klubben Lundanes representerte medan han var junior og fram til han flytta austover.

– Vi har hatt ein suksess dei siste ti åra, og har på ein måte vakse saman med Olav sine prestasjonar, fortel leiar i oriengteringsgruppa, Christen Jensen.

Dei siste åra kan han vise til 30-50 barn og unge som møter jamnt på orienteringstrening. Og til orienteringsløp som gruppa brukar å ha på tysdagar møter det gjerne opp over 100 deltakarar.

«Råtassen»

Orienteringsgruppa er medvite på å legge til rette for dei yngste o-løparane, og har innført noko dei kallar «råtassen».

Ingrid Lundanes

Ingrid Lundanes har også forsynt seg frå premiebordet i internasjonale løp.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Det er ei enkel form for orientering, der vi har lagt opp til ei lita sløyfe der barna spring ut i terrenget og tar kanskje to postar, før dei spring ut og tar ei ny løype, fortel Jensen.

Dette har blitt ein suksess og har ifølge Jensen ført til ein formiddabel vekst sidan 2007, og er eit opplegg andre orienteringsklubbar rundt om i landet har kopiert.

– Det gror i fotefara til Olav Lundanes, og fleire har hatt sportsleg suksess. Mellom andre søskena til Olav. Søstra Ingrid har tatt sølv i junior-EM og bronse i junior-VM.

Suksess avlar suksess, fører til merksemd frå både deltakarar, tilskuarar og media. Og med dei gode resultata han har hatt dei siste åra, er det liten tvil om at Olav Lundanes har sin del av æra for dette.

Tilbake til Emblem?

– Grunnlaget blei lagt på Emblem, der eg budde til eg var 19 år. Det er difor godt å kunne gi noko tilbake til orienteringsgruppa der, og vere eit førebilete for nye løparar, seier den ferske og doble verdsmeisteren. Gruppa var mindre i min barndom, men har betydd alt, eigentleg.

No står Halden-løparen på flyttefot igjen, for å førebu seg til VM i Finland. Men han utelukkar ikkje heilt å representere Emblem i framtida.

Leiar i orienteringsgruppa i Emblem IL, Christer Jensen

Leiar i orienteringsgruppa til Emblem IL, er fornøgd med den merksemda dei har fått dei siste åra.

Foto: Jon-Arne Akselsen / NRK

– Det er absolutt noko å tenke på. Når vi spring NM må vi springe for ein norsk klubb, men om det skal vere Emblem så er det ein kabal som skal gå opp. Så det får vi kome tilbake til, seier Lundanes.

Og hans neste mål er nettopp NM, som blir arrangert i Bodø om ei drøy veke. Der han stiller som stor favoritt på dei fleste distansane.

– Planen er å slå lillebror Ivar, smiler Olav Lundenes.

– Det siste var ein dårleg plan, ler Jensen. Men det hadde vore stas om Olav kunne springe for Emblem igjen, og gjerne i stafett saman med dei to brørne sine.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL