Hopp til innhold

Idretten som ikkje kjem til OL

I skuggen av EM i fotball, VM i friidrett og Tour de France blei World Games arrangert. Også kjent som bakvegen inn til OL.

Orienteringsløpar i Stryn

Isak Bergset har vore på nivået rett under dei beste orienteringsløparane i landet.

Foto: Kasper Valestrand/NRK

Mange nordmenn brukar sommarferien til å sjå store sportsmeisterskap på TV.

For idrettane som er med er OL det aller største.

– OL gir mest merksemd og gode sponsorinntekter, seier idrettshistorikar Matti Goksøyr.

Men ikkje alle idrettar er med i det gode selskap. For dei finst det heldigvis ein slags bakveg inn til OL.

For sist veke blei World Games med over 30 idrettar og 3 600 utøvarar arrangert i USA.

Sidan 1981 har desse leikane fungert som ein slags audition for idrettar som vil til OL.

Triatlon, klatring, badminton og sandvolleyball har alle klart det.

Men ikkje orientering.

Sjølv om idretten har 75 medlemsland, og det har blitt arrangert løp både på Grønland og i Nord-Korea.

Orienteringspost

WORLD GAMES: Har blitt arrangert kvar fjerde sommar sidan 1981, altså kvar år etter at sommar-OL blir arrangert.

Foto: Kasper Valestrand/NRK

Idretten har vore på World Games-programmet sidan 2001.

– Det er veldig lenge, men eg meiner det er den riktige vegen å gå for å bli OL-grein, seier Isak Bergset.

Han er løypeleggar for det som er det største orienteringsløpet på Vestlandet med nærare 700 deltakarar.

Det er stor forskjell mellom OL og World Games når det kjem til merksemd.

Under dei to vekene med olympiske leikar i Tokyo i fjor blei Karsten Warholm aleine omtalt i norsk presse over 900 gonger.

På andre sida blei World Games nemnd 39 i løpet av veka leikane var.

– Skal ein idrett inn, må ein annan ut

Idrettshistorikar Goksøyr peiker på at ein idrett må oppfylle fleire krav for å bli ein del av OL-programmet.

Den olympiske komiteen ser etter idrettar som kan nå ut til eit ungt publikum.

– Skal ein idrett inn, må ein annan ut, seier idrettshistorikar Goksøyr.

Sist sommar var klatring invitert inn frå World Games til OL som prøveidrett.

Og når klatring no kjem inn på programmet, ryk boksing ut av leikane frå 2028 av.

Sommer-OL i Tokyo 2021

Triatlon tok steget opp frå World Games til OL i 2000. Sist sommar vann norske Kristian Blummenfelt gull.

Foto: Lise Åserud / NTB

– OL skal ikkje vere det som driv oss

For orienteringsidretten ser vegen ut til å vere lang før ein ser han i OL.

For det første betyr World Games meir for andre idrettar. Med VM like før og EM like etter, var leikane vanskeleg å prioritere.

– Så for utøvarar i andre idrettar var leikane mykje viktigare enn for oss, seier Kasper Fosser, som tok med seg ei gullmedalje frå USA.

Og det kan virke som at orienteringsidretten kan sjå langt etter nokon deltaking i OL.

For etter å lenge ha hatt OL som mål inne på programmet, har det internasjonale forbundet no tatt ut av målsettinga.

Ein vil heller drive idretten vidare på idretten sine eigne premissar.

– OL skal ikkje vere det som driv oss, seier Leif Størmer, president i Norges Orienteringsforbund.