Hopp til innhold

Molde tok tabelltoppen – Ohi toppscorar etter hat-trick

Med 4–0 på heimebane blei det verkeleg ein fest for Molde, då dei tok imot Brann, på fotballens festdag 16. mai.

KDRPEKE-aNM

HAT-TRICK: Ein glad Ohi fekk ta med seg kampballen heim etter tre mål mot Brann.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Etter eit Europa-eventyr i vinter, var forventingane høge rundt Aker Stadion før årets sesong.

Med uavgjort og tre baklengsmål borte mot Tromsø førre runde, var nok gulljagande Molde berre middels nøgde med starten på sesongen.

Men prestasjonen på Aker Stadion i dag var alt anna enn middels.

8EkDRzHWhR0

MOLDEJUBEL: MFK-spelarane kan feire 17. mai hovudet heva.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Med 4–0 tek Molde over tabelltoppen frå gullrival Bodø/Glimt. Og ein smørblid Ohi kan feire 17. mai som toppscorar i Eliteserien.

– Det blir ei fin feiring i morgon, seier Omoijuanfo etter kampen.

God start for Brann

Brann starta kampen frisk, og styrte mykje av spelet. Gjestane frå Bergen fekk òg fyrste sjanse. Med ti minutt spelt, stanga tidlegare Molde-spelar Vegard Forren ballen i tverrliggaren, på eit godt hjørnespark frå Petter Strand.

Eliteserien i fotball 2021: Molde - Brann

I TVERRLIGGAREN: Vegard Forren fekk ein stor scoringssjanse mot gamle lagkameratar.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Molde-show

Men så tok heimelaget meir og meir over.

Etter 25 spelte minutt trudde Kristoffer Haugen at han hadde sendt Molde i leiinga. Haugen stupheada ballen i mål, men dommar Hansen annullerte målet, og markerte for frispark til Brann.

Det skulle berre gå fire minutt til før MFK kunne juble på ekte. Etter vakkert forarbeid frå Ola Brynhildsen, fekk Ohi stå umarkert å putte inn 1–0.

Etter scoringa tok Molde styringa i kampen, og kaptein Magnus Wolff Eikrem var frampå med fleire skotforsøk.

Med 38 minutt spelt, sette Fredrik Aursnes ballen i mål etter ei dårleg Brann-klarering.

Så, etter 42 minutt, dukka Ohi Omoijuanfo opp igjen. Ei flott pasning frå Eikrem spelte Ola Brynhildsen fri på venstre side. Etter eit skot endar ballen hos Ohi, som fastsette pauseresultatet til 3–0.

Ohi hat-trick

I andre omgang starta Molde like bra som dei slutta i den fyrste. Magnus Wolff Eikrem var involvert i det meste.

Etter 53 minutt fekk han ballen rundt midtbana medan Brann var i ubalanse. Eikrem fekk spelt Ohi igjennom, og Moldes nummer 9 fullførte hat-tricket åleine mot Brann-keeper Håkon Opdal.

7SwbpEbRKRw

SIKKER FRAMFOR MÅL: Ohi er no toppscorar i Eliteserien med fem mål.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Etter målet fekk Brann samla krefter og hadde to gode sjansar, men Linde i Molde-målet fekk avverja begge.

Resten av kampen blei det mindre finspel. Begge lag verka meir slitne, og spelet bar preg av at oppgjeret var så godt som avgjort.

– Tenkjer ikkje på å bli toppscorar

Etter kampen var Ohi Omoijuanfo full av ros om lagkameratane sine.

– Det er fantastisk å spele spiss på Molde. Eg veit at eg berre må halde meg framfor målet, så kjem sjansane, seier han.

Toppscorar i Eliteserien, tenkjer du å halde på den tittelen?

– Nei, det er ikkje noko eg tenkjer på. Det er kjekt å score mål, men det eg tenkjer på er gullet. Vi skal ta det gullet, seier Omoijuanfo.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL