Hopp til innhold

Nyvald styreleiar i Amnesty underviser flyktningar

Noreg behandlar afghanske mindreårige flyktningar alt for strengt samanlikna med andre land. Det meiner sunnmøringen som no sit på toppen i Amnesty Noreg.

Kjetil Haanes

Kjetil Haanes på ein av arbeidsplassane han har. Nemleg som lærar for afghanske mindreårige flyktningar. Her diskuterer han timeplanen med Anita Reite Onen som også underviser flyktningane ved mottaket. Til saman er det fire lærarar som deler på denne jobben.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kjetil Haanes (59) frå Gjerdsvika i Sande vart nettopp vald til ny leiar for styret i Amnesty i Noreg. Journalisten med ei lang fartstid i blant anna Sunnmørsposten brukar no delar av arbeidstida si på å undervise einsleg mindreårige flyktningar frå Afghanistan.

NRK møter han i Fosnavåg der han har norskundervisning for ei lita gruppe gutar frå nettopp Afghanistan. I følgje Haanes er dette gutar som lærer fort. Mange av dei har knapt gått på skule tidlegare.

Arbeidd med menneskerettar

Det var eit samrøystes landsmøte som klappa inn Haanes som styreleiar nyleg. Ein posisjon han allereie har vore konstituert i ein periode.

– Eg har arbeidd med menneskerettar og kamp for presse og ytringsfridom mesteparten av mitt vaksne liv. Det gjorde at eg engasjerte meg i Amnesty og no er eg styreleiar, noko eg er glad for samtidig som det er eit stort ansvar.

Kjetil Haanes

Kjetil Haanes, nyvald styreleiar i Amnesty i Noreg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Amnesty har sin mest ambisiøse strategiplan nokon gong, seier Haanes.

Når han ikkje arbeider med Amnesty er han framleis journalist i nettstaden Nett.no. I tillegg underviser han altså afghanske gutar.

– Det er ei stor glede å få lov til å undervise desse gutane. Dei har opplevd mykje vondt. Vi prøver å lage ei trygg ramme for dei og dei er ekstremt lærevillige. Samtidig er eg veldig uroa over framtida deira.Vi ser at den eine etter den andre vert sendt tilbake til det dei flykta frå, og det er krevjande.

Kjetil Haanes (59) frå Gjerdsvika i Sande er vald til styreleiar i Amnesty i Noreg. Han er kritisk til norsk praksis når det gjeld retur av einslege mindreårige flyktningar.

Kjetil Haanes er nyvald styreleiar i Amnesty i Noreg.