Hopp til innhold

Nyttårsfortsett: 100 turar med 2-åring

Nordmenn flest har ikkje nyttårsforsett, men det hadde familien Varvik frå Surnadal i fjor. Dei bestemte seg for å ta med vesle Evert på 100 turar i friluft og er snart i mål.

Familier Varvik på tur

Før var denne familien glad i sofaen, men dette året endra det seg. Dei har snart vore på 100 korte og lange turar.

Foto: Mari Vattøy, Trollheimsporten

Før var ikkje Gretha-Therese og Edvard Varvik frå Surnadal av dei som har brukt fritida si til å gå turar. Paret har tvert imot karakterisert seg som sofagrisar. Rundt desse tider i fjor, bestemte dei seg for at dei skulle ut av sofaen. Målet var først 75 turar i friluft saman med sonen Evert. Seinare auka dei talet til 100.

Det var nettavisa Trollheimsporten som først skreiv saka.

– Det å ha med seg turglede frå barndomen av, er viktig for vaksenlivet, seier Gretha-Therese. Då ho og mannen Edvard vart foreldre, bestemte dei seg for å gi sonen turopplevingar.

LES OGSÅ:

Tre turar i veka

Barn på tur

Evert har fått mange turminner dette året. Eit av det han hugsar aller best er då familien møtte på ein flokk nysgjerrige sauer.

Foto: privat

Evert er no 2,5 år og har i snitt vore på tre turar kvar veke det siste året. Mange av turane har vore korte, andre lengre. Foreldra prøver å gjere kvar tur lystprega.

– Vi har hatt mange positive opplevingar ute i naturen saman med sonen vår, fortel Greta-Therese.

Det sterkaste minnet, som Evert framleis pratar om, er då dei trefte på ein flokk med sauer som slett ikkje var redde for den vesle familien. Sauene underheldt familien i lang tid og klarte å hisse på seg vesle Evert. Dei slikka på beremeisa og det likte ikkje 2-åringen. Når han ser bilete av sauene, hugsar han framleis kva som skjedde.

Lei og frustrert

Familien Varvik på tur

Familien har vore på tur heile året etter nyttårsfortsettet dei vart samde om. Til våren ventar dei baby, som også får bli med på tur.

Foto: privat

– Det er ikkje alltid uproblematisk å vere på tur med ein 2-åring. Det kan skje at han blir lei og frustrert. Då må ein prøve å vri situasjonen, slik at ein kjem heldig ut av det, seier Gretha-Therese.

Nordmenn flest har ikkje nyttårsfortsett for året som kjem, viser ei ny undersøking. Dei som har fortsett, vil først og fremst trene meir, gå ned i vekt og ete sunnare, skriv NTB.

Familien Varvik skal ikkje slutte å gå på tur i 2016, men dei skal ikkje telje turane slik dei har gjort dette året. I april ventar dei eit nytt barn og bereselen er allereie innkjøpt for å ta babyen med ut. Men først skal dei gjere unna tur nummer 100.

– Vi prøver å få til ein fellestur på nyttårsaftan saman med vener og familie, seier Greta-Therese.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL