Mange lokalaviser også i 1905
Ein gong i månaden kjem vi til å presentere ei samling med 100 år gamle nyheiter frå Romsdals amt, henta frå nokre av dei 19 avisene som kom ut i amtet den gongen. I 1905 fekk vi for første gong ei dagsavis: Det var Søndmørsposten som tok til å prente avis kvar yrkedag.
Avisene frå 1905 er svært ulike dagens aviser. På forsida finn ein oftast ikkje nyheiter, der kan det i staden stå lengre artiklar, reisebrev eller føljetongar. Annonsane er for det meste samla på sider for seg, men ein finn også ein del annonsar på forsida. Dei lokale nyheitene må ein ofte leite etter mellom lesarbrev, redaksjonelle kommentarar og telegram om krigar og ulykker ute i verda.
Nyheitsmeldingane du kan lese her er sterkt redigerte og språkleg moderniserte for at dei skal bli lettare å lese. Når vi ser den første, skjønar vi at somt ikkje har endra seg stort på 100 år!
Nytt frå Romsdals amt, januar 1905
I Molde har formannskapet gitt uinnskrenka brennevinsrett til Alexandra Hotell. Ølrettar er gjevne til Grand, Holm og Eides hotell. Dessutan har to handelsmenn fått rett til å selje vin.
Ein vedbåt kollsegla sist laurdag ved middagstider på Ellingsøyfjorden utanfor Breivika . Dei to om bord kom seg opp på kvelven, men båten gjekk rundt fleire gonger og den 19 år gamle Iver Pettersen Stige frå Engesetdalen kom vekk. Den andre om bord, Lars Øie, greidde så vidt å halde seg fast til hjelpa kom.
På Nordmøre er det stor interesse for å teikne aksjar i det nystifta telefonselskapet. Unntaket er kystbygdene, skriv Romsdalsposten, og legg til: ”Se til Surendalen, Rindalen og Sunndalen – der finnes apparat på snart sagt hver gård og plads, og den nytte de har av sin telefon er så stor at de ikke for nogen pris vil miste den.”
Det har gått mange rykte om eit mystisk skip som har vist seg på Søre Sunnmøre. Mange på Leikong skal ha blitt skremde då skipet i mørkret kom frå Eiksund og lyste opp hamna og bygdene på begge sider av fjorden med lyskastar. Aviser både i Bergen og Kristiania har skrive om det mystiske skipet. No viser det seg at det var Telegrafvesenets kabelskip som på tur sørover ville leggje til kai på Eiksund og brukte lyskastar for å finne fram i mørkret.
Bremsnes heradstyre har avslått ein søknad om ekstra betaling for snøbrøyting på hovudvegen i Bolga. Betalinga har før vore 30 kroner året, no blir det forlangt 80 kroner. Søknaden blei ikkje innvilga fordi heradsstyret heller vil leggje ned vegen som hovudveg.
Den nye skulen i Molde blei innvigd på den første solskinsdagen etter jul. Eit feststemt publikum fylte den festpynta gymnastikksalen. Etter at Molde Mannssangforening hadde framført ”Sign du vår skole, Gud” talte byggekomieteens formann, skulestyrar Carlsen og ordførar Ulrich Møller. Det blei bl. a. retta ein takk til arbeidsformann Iver Strande og alle dei som har tatt dei mange tak i survêr og godvêr oppe på Syltemarka.
Ålesunds Landmandsbank har innført heimesparebank – ei ordning som har fått innpass i mange land. Mot eit innskot på fem kroner får ein utlevert ein vakker liten boks som ein har ståande heime. Når ein har pengar ein vil setje i banken, legg ein dei i boksen. Nøklane til boksen ligg i banken, men med visse mellomrom sender banken eit bod som tømmer boksane. På denne måten blir mange kroner spart som elles ikkje ville komme i banken.
Fire hundre fiskarar har vore samla på bedehuset på Veiholmen for å diskutere og søkje om fyrlys for Veiholmen og distrikta rundt. Etter vedtak på møtet er det no sendt søknad bl.a. om fyr på Hauggjegla og oppseglingslykter på Sandholmen og Leiskjæret.
I går kveld blei ei dame overfallen på Borgundvegen like innanfor bygrensa. I det ho svinga inn gjennom ein hageport, sprang han etter henne og trykte ho mot jorda med hard hand. Då ho sette i eit skrik, tok umennesket flukta. I den seinare tid har også andre kvinner lidd overlast i det same strøket.
Og til slutt ei melding frå ein by som blir oppattbygd i all hast:
Distriktslækjar Th. Lorentzen åtvarar sterkt mot å flytte inn i nye murhus for tidleg, noko han veit skjer i Ålesund. Fuktige husvære er svært skadelege, for ikkje å seie farlege, særleg for barn. I vårt klima treng murhus som er bygde om hausten eller vinteren lang tid for å bli så tørre at ein kan bu i dei, seier Lorentzen, som også påpeikar nytten av å leggje inn ventilasjon i opphaldsrom.
*******
Nyheitene frå januar 1905 er henta frå Søndmørsposten, Romsdals Budstikke og Romsdalsposten (som var ei Kristiansundsavis!).