Frå Hustad fengsel. Foto: Gunnar Sandvik, NRK.
- Dette tryggar arbeidsplassane, og er bra både for innsette og tilsette, seier fengselsleiar Mette Rød.
Bakgrunnen er at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett har gitt pengar til Kriminalomsorg Vest til fleire fengselsplassar.
Frå hausten blir det meir enn 50 soningsplassar ved Hustad fengsel, og det betyr at det også blir behov for fleire tilsette.
- Kor mange er det for tidleg å seie noko sikkert om, seier fengselsleiaren.
Men sjølv om Hustad no får over 30 nye soningsplassar, er det plass til fleire, og dei tilsette trur difor på ei gradvis utbygging av fengselet.