Dei tre partia meiner også at fengselet bør ligge i Haram, sidan alle ordførarane på Sunnmøre står bak dette alternativet, seier stortingsrepresentant, Eli Sollied Øveraas frå Senterpartiet.
I morgon skal Eli Solli Øverås frå Senterpartiet saman med Asmund Kristoffersen frå Arbeiderpartiet og Bjørn Jacobsen frå Sosialistisk Venstreparti presentere sitt felles syn på kva som bør gjerast for å betre fengselskapasiteten på Sunnmøre. Detaljane vil ikkje Øverås ut med i dag, men ho lovar at dei raudgrøne skal stå på for at det 100 år gamle fengselet i Ålesund skal verte erstatta.