Poliklinikken skal halde til der det nye bygget for avdelinga er ferdig om omlag to år.
Det seier assisterande direktør ved Helse Sunnmøre, Helge Ristesund.
Fornøgd med nye lokale
Sjukehuset leiger 27 kontor i det gamle Posthuset og Ristesund er svært fornøgd med dei førebels lokala.
Situasjonen ved barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk er at kreftavdelinga ved sjukehuset driv byggearbeid rett ved sidan av avdelinga, noko som uroar, seier Ristesund.
I tillegg skal kreftavdelinga ta over poliklinikken som pasienthotell.
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk skal også tilsette fleire folk på sikt og treng større plass.
Avdelinga behandlar barn frå Nordre Sunnmøre.
Dei kjem inn på timebasis til ein psykolog eller ein annan behandlar.
Ristesund meiner dei unge ikkje vil lide ved at behandlinga ligg i Ålesund sentrum.