NRK Meny

Nye kutt i Polaris Media

Polaris Media skal spare 175 millionar kroner og må iverksette kutt for å spare 100 millionar kroner i løpet av 2015 og 2016. Det går fram av ei pressemelding. Polaris, som eig både Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og ei rekke mindre aviser i fylket, har allereie sett i gang tiltak for å kutte 40 millionar kroner i 2014.