Hopp til innhold

Nye artistar til Moldejazz

Veronica Maggio og den amerikanske soul-artisten D'Angelo står på same scene under Moldejazzen til sommaren. I dag slepte festivalen fleire nye artistar.

Veronica Maggio
Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

Dei to skal spele på Romsdalsmuseet. Svenske Veronica Maggio er kjent både som låtskrivar og popartist og blir rekna som ein av dei største i sin sjanger i Skandinavia.

– Vi syns dei kler kvarandre, seier festivalsjef Hans Olav Solli.

– Ho har jo ein slags soul-flørt, ein motown-knekk om du vil, så det syns vi passar. I tillegg har ho bygd publikum i distriktet ved at ho har vore både på Jugendfest og RaumaRock tidlegare.

Hans Olav Solli

Festivalsjef Hans Olav Solli presenterte fleire nye artistar, blant dei amerikanske D'Angelo

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

D'Angelo and the Vanguard blir karakterisert som jazzinspirert hiphop og klassisk soul.

– Du finn ikkje anna enn gode anmeldelsar av denne artisten, seier Solli.

– Det trur eg ikkje finst, nesten. Han blir karakterisert både som den nye Prince, James Brown og Marvin Gaye. Samstundes er han noko heilt eige.

Satsar på breidde

På lista over nye artistar i dag finn vi også armenske Tigran Hamasyan, ein jazzartist som hentar inspirasjon frå armensk folkemusikk. Den kanadiske pianisten Kris David, pianisten Vijay Ivyer med sin trio og saksofonisten Marius Neset, som mellom anna har blitt nominert til Nordisk råds musikkpris.

Også trioen Krokofant og bassisten Bjørn Alterhaug står på lista over nye artistar som blei presentert i dag.

Frå før har Moldejazz lansert artistar som Dee Dee Bridgewater & The New Orleans Jazz Orchestra, Robert Plant And The Sensational Space Shifters og Nils Petter Molvær,

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL