Søndag er det endeleg sesongpremiere i Eliteserien i Molde med Bodø/Glimt som motstandar. Banemeister Øyvind Kormeseth i Molde har jobba hardt og med kjærleg hand for å få graset så fint som råd.
Kormeseth har brukt vekstduk og plast for å få bana så fin. Dei siste åra har også måten å gjødsle på endra seg, slik at det har gitt gode resultat.
Problemet no så tidleg i sesongen er at graset er laust i rota, men dette vil kome seg ut over i sesongen.
Ingen gode råd
Kormeseth har ingen gode råd til Ullevål og Lerkendal som ikkje kunne presentere særleg fine grasmatter i helga. Han meiner dei gunstige klimaforholda i Molde kontra kulden i Oslo og Trondheim er gunstig for MFK.
Molde-trenar Kjell Jonevret meiner banemannskapa på Ullevål sikkert hadde gjort sitt aller beste. Han hadde frykta endå verre forhold enn det som var tilfelle då Molde slo Lyn 1-0 på ei bane full av sand og gult gras på søndag.
Ikkje kunstgras
Talet på klubbar som har kunstgras aukar frå år til år, men Kormeseth er klar i sin tale når vi påpeiker at AaFK alltid har grønt gras: - Nei, den plasten kan dokke få ha i fred for meg, seier den alltid muntre banemeisteren i Molde.