Hopp til innhold

Ny skipstype skal revolusjonere arbeidet med vindturbinar til havs

Straks nedturen i oljeindustrien har skapt krisetilstandar i dei maritime verksemdene på Vestlandet lanserer Ulstein Group ei heilt ny skipstype. Desse skipa skal brukast under montering og vedlikehald av vindmøller til havs.

SOUL skip vindturbinar

Slik ser skipstypen ut i oppjekka tilstand.

Foto: Ulstein Group

Den heilt nye skipstypen blei lansert på Offshore Wind Journal-konferansen i London i dag. Ulstein Group har satsa på ei designløysing som skal gjere skipa 10 prosent lettare enn andre skip som kan heisast opp på kraftige fot-konstruksjonar.

Skipet kan minne om eit offshorefartøy med høg front og eit lågare arbeidsdekk akter. Og det som er ekstra godt synleg er dei tre kraftige fot-konstruksjonane som kan setjast mot havbotnen og som skipet kan heise seg opp ettet og bli ståande som ei stabil plattform til havs.

SOLU skip vindmøller

Skipet SOUL sett i fronten. Det er spennande former skipstypen byggjer på.

Foto: Ulstein Group

Denne skipstypen vert internasjonalt kalla eit «jack-up»-fartøy. og designet har fått namnet SOUL. Fot-konstruksjonen er dreia 45 grader, og eitt bein er plassert framme, eitt bak og to på kvar langside. Vekta til stålstrukturane skal vere kraftig reduserte. Det fører til at det kan byggjast større skip og ein kan ta større dekkslast, heiter det i ei pressemelding frå Ulstein Group.

Dei vanlege «jack-up»-fartua har beina i dei fire hjørna av skipet. Det gjer at det blir vanskeleg å konstruere skip over ein viss storleik. Det er også vanskeleg med eit design som skal tole høge dekkslastar.

– Vi la merke til at dette skapte uvisse i vindturbinbransjen, då flytande fartøy ikkje er eit alternativ. Dermed gjekk vi tilbake til det optimale «jack-up»-designet, ein firkanta plattform med beina spreidde så mykje som mogleg. Ved å rotere plattforma 45 grder får ein ei naturleg bogeform med to av beina og krana på midtlinja på fartøyet, seier Erik Snijders i SeaOwls.

SOUL skip vindmøller

Skipstypen SOUL sett frå lufta. Legg merke til breidda på skipet og plasseringa av fot-konstruksjonane.

Foto: Ulstein Group

No vonar Ulstein Group av denne typen fartøy kan vere med på å revolusjonere arbeidet med å etablere vindturbinparkar til havs. Med dette skipet skal ein kunne effektivisere monteringa av store vindturbinar til havs.

– Utviklinga av dette nye «jack-up»-fartøyet er det neste logiske steget i strategien om å utvide designportefølgjen og bli eit leiande selskap for å medverke til meir effektive løysingar i offshorevindindustrien, seier visekonsernsjef i Ulstein Group, Tore Ulstein.

Det er designavdelinga i Nederland som har spelt ei sentral rolle i utviklinga av den nye fartøytypen.

– I samarbeid med SeaOwls har partane kome fram til dette nyskapande konseptet som er basert på velprøvd teknologi, seier Ulstein.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL