Hopp til innhold

Ny helikopterlandingsplass i Kristiansund

I to år har ambulansehelikoptera landa på flyplassen, heilt i andre enden av Kristiansund. I dag blei den nye 10-millionar kroners landingsplassen på sjukehuset opna.

Helikopter

For første gong har det landa eit helikopter på den nye landingsplassen i Kristiansund. Denne gongen var det ikkje pasientar i helikopteret, som landa i samband med opninga av landingsplassen.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Dagens landing var ei festlanding. Det var ingen pasientar om bord i helikopteret. Men landinga var ein del av festivitasen for å markere at opninga av ein landingsplass av denne typen er ei stor hending.

Det var direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik som hadde æra av å klippe snora.

Astid Eidsvik sto for opninga av helikopterlandingsplassen ved sjukehuset i Kristiansund fredag.

I talen sin sa Astrid Eidsvik at Helse Møre og Romsdal har nådd ein milepæl ved opninga. Den gamle landingsplassen blei stengd i 2009. I byggjeperioden har ambulansehelikoptera landa på Kvernberget flyplass, eit god stykkje unna sjukehuset.

– Landing på flyplassen har ikkje vore tilfredsstillande for oss, sa Astrid Eidsvik.

– Den nye landingsplassen tilfredsstiller no alle dei krava som luftfartstilsynet stiller til helikopterlandingsplassar ved sjukehus, sa Eidsvik før ho klipte snora, til applaus frå dei frammøtte.

Opning helikopterlandingsplass

Dei tilsette ved sjukehuset er svært oppglødde over at sjukehuset har fått ny landingsplass for helikopter.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Det er teknisk avdeling ved Helse Møre og Romsdal som har hatt det praktiske arbeidet med å få realisert landingsplassen. I prosessen har også planleggjarar, entreprenørar i anleggs- og byggjebransjen og tilsette ved sjukehuset vore med.

I prosessen har det også vore kontakt mellom Helse Møre og Romsdal og naboane til sjukehuset.

Sjukehuset i Kristiansund er eit akuttsjukehus, og det blir vurdert som svært viktig å ha ein landingsplass for ambulansehelikopter på sjukehusområdet.

Det har vore svært tungvint å bruke Kvernberget som landingsplass, seier også assisterande direktør Helge Ristesund til NRK. Dette er viktig for drifta av sjukehuset og for pasientane, legg han til.

Landingsplass helikopter

Det ligg nokre nabohus inn til sjukehuset. Ifølgje leiinga ved sjukehuset har kommunikasjon med naboane vore ein del av prosessen fram mot bygginga av den nye landingsplassen.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL