Hopp til innhold

Ny koronatest på hotellskip var negativ

Kontrolltesten av gjesten om bord i Hurtigrutens hotellskip MS «Finnmarken» er negativ for koronasmitte. Personen må likevel sitte i isolasjon til han har testa negativt to gonger.

Hurtigruta Finnmarken byttar med Vesterålen.

Ein ny test av gjesten som hadde vore om bord i skipet MS «Finnmarken» viste seg å vere negativ.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hurtigruten fekk laurdag ettermiddag beskjed om at ein gjest på MS «Finnmarken» hadde testa positivt for covid-19. Vedkomande er ein utanlandsk statsborgar og er knytt til charteroppdraget som Hurtigruten leier ut «Finnmarken» til.

Søndag kom svaret på kontrollprøven. Denne viste seg å vere negativ for koronasmitte. Det fortel kommuneoverlege i Rauma, Jon Sverre Aursand, til NRK.

– Det at testen blei positiv skuldast truleg utslag frå eit dødt virus og spor frå koronasjukdom som personen hadde for nokre veker sidan, seier han.

Allereie laurdag sa kommuneoverlegen at det var usikkerheit knytt til det positive resultatet. Dermed blei det tatt ein ny test. Aursand fortel at det har blitt tatt mange testar av personen dei siste vekene og at alle desse har vore negative.

Må sitte i isolasjon

MS «Finnmarken» blir leid ut og brukt som hotellskip i samband med «Mission Impossible»-innspelinga. Skipet erstatta Hurtigruteskipet Fridtjof Nansen, etter at selskapet fekk kritikk for bruken av skipet.

Den smitta kom om bord i skipet på Hellesylt i Stranda kommune laurdag formiddag og hadde ingen symptom på sjukdom. Vedkomande har vore i isolasjon på land sidan den positive testen.

Stranda kommune opplyser at personen likevel må sitte i isolasjon til han har testa negativt to gonger.

– Det vil bli tatt ein ny test 48 timar etter den første negative testen. Dersom denne også er negativ kan personen sleppe ut frå isolasjon, fortel Åse Elin Hole, rådmann i Stranda kommune.

Prøvesvara vil truleg vere klare ein gong ut i neste veke.

Kan halde fram som normalt

Kommuneoverlege Aursand i Rauma seier at det no ikkje lenger er behov for å behalde restriksjonane om bord i skipet eller knytt til filminnspelinga.

Tom Cruise

Innspelinga av den nyaste Mission Impossible filmen har gått føre seg i Romsdal og på Sunnmøre dei siste vekene.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Dei kan no halde fram som normalt. Det er ingen grunn til å vere bekymra for smitte, seier han.

Aursand har også vore i kontakt med blant anna Folkehelseinstituttet om situasjonen.

– Det har vore ein god dialog. Samarbeidet med Hurtigruten har også vore svært bra, seier han.

Per Henry Borch, som fungerer som kontaktperson for filmselskapet Truenorth Noreg, bekrefta til NTB laurdag at den smitta ikkje høyrde til mannskapet om bord i skipet. Utover dette ville han ikkje kommentere saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL