Hopp til innhold

Hurtigruten vil endre drifta etter hotellskip-kritikk

Hurtigruten seier no dei vil vere konstruktive og finne løysingar for MS «Fridtjof Nansen» som ligg til kai som hotellskip for filmcrewet til «Mission Impossible 7». – På tide, seier Sjømannsforbundet.

Hurtigruteskipet Fridtjof Nansen

Hurtigruten Fridtjof Nansen ligg til kai på Hellesylt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ekspedisjonsskipet ligg til kai ved Hellesylt i Stranda, og har filippinsk mannskap. Hurtigruten har fått kritikk frå fleire hald for verksemda.

– Brot på lova

Fellesforbundet og Sjømannsforbundet har meldt Hurtigruten til politiet for brot på utlendingslova, og måndag var reiarlaget i møte med næringsminister Iselin Nybø.

Ho var heilt klar på at ho meiner verksemda er i strid med norsk lov, og varslar ei ny forskrift for å tydeleggjere dette. Ho sa også at ho forventa at Hurtigruten godtok departementet si tolking av lova.

Hurtigruten meiner framleis at dei ikkje handlar i strid med lovverket, men vil no likevel gå departementet i møte.

Statsråd Iselin Nybø seier til NRK at ho heile tida har vore krystallklar på at det har vore i strid med regelverket for NIS-skip å drive hotellverksemd i norske hamner. No jobbar departementet med å endre forskriftene for å hindre at noko liknande skjer igjen. Nybø seier at ho er glad for at Hurtigruten har tatt signala på alvor og at dei no rettar seg etter dette.

– Vil sjå på alternative løysingar

Anne Marie Bjørnflaten, direktør for myndigheitskontakt i Hurtigruten skriv i ein e-post til NRK:

– Utleiga av MS Fridtjof Nansen til ein filmproduksjon er ei heilt ekstraordinær enkelthending. Sjøfartsdirektoratet har avklart at bruken av skipet ligg godt innanfor NIS-forskrifta, og er dermed lovleg.

Men sjølv om dei meiner dei ikkje bryt lova, vil dei no sjå på alternative løysingar. Om dette inneber å tilsette norsk arbeidskraft, vil ikkje Bjørnflaten svare direkte på.

– Når statsråd Iselin Nybø uttalar seg så tydeleg, ønsker vi å vere konstruktive og finne løysingar. Difor ventar vi ikkje til forskrifta er på plass, men jobbar no med alternativ for å løyse situasjonen.

Bjørnflaten skriv at dette er dei no i dialog med departement, tillitsvalde og oppdragsgjevar om.

NRK kjenner til at Hurtigruten søker internt etter personell som snarast kan ta servering og reinhald i eit oppdrag som varer i to og ei halv vekes.

Hurtigruteskipet Fridtjof Nansen ligger til kai på Hellesylt.

«Mission: Impossible-crewet»​​​​​​​ bur på skipet av smittevernomsyn, seier Hurtigruten.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ser berre ei løysing

Johnny Hansen, forbundsleiar i Sjømannsforbundet meiner det berre er ei løysing på denne saka.

– Det er at dei set inn eit skip som er registrert i det ordinære NOR-registeret, med mannskap som har arbeidsløyve. Og det er signal som tyder på at det er det dei no vil gjere, noko dei burde gjort for lenge sidan, seier han.

– Kva synest du at dei vil endre drifta etter møtet med næringsministeren?

– Det var jaggu på tide! Det var dette vi råda dei til å gjere før dei sette skipet i drift, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL