Hopp til innhold

Nulltoleranse mot mobbing

KrF vil forsterke kampen mot mobbing og foreslår at Møre og Romsdal får eit uavhengig mobbeombod.

Møre og Romsdal KrF

KrF sine fremste listekandidatar til fylkestingsvalet til hausten, saman med KrF sin nestleiar Dagrun Eriksen og stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide. F.h.: Steinar Reiten, Randi Walderhaug Frisvoll, Rigmor Andersen Eide, Dagrun Eriksen, Victoria Tornes og Arild Iversen.

Foto: Møre og Romsdal KrF

Ein elev som blir mobba er ein for mykje, meiner KrF, og synest det er på høg tid at det blir oppretta mobbeombod i Møre og Romsdal.

På fylkesårsmøtet i helga stod livskvaliteten til den enkelte elev på dagsorden.

– Mange triste historier

Mange opplever ein skulegang prega av mobbing på skulen og i fritida og nettmobbing er aukande.

No meiner Møre og Romsdal KrF det er på høg tid at politikarane handlar for å gjere situasjonen til til born og unge som blir mobba betre.

– Det er mange triste historier frå born og unge som har opplevd mobbing, og det er desse elevane vi ønskjer å stå opp for, heiter det i KrF sitt vedtak frå fylkesårsmøtet.

Møre og Romsdal KrF hadde fylkesårsmøte i helga

På Møre og Romsdal KrF sitt fylkesårsmøte i Geiranger vart det vedteke at partiet vil ha eit mobbeombod i fylket.

Foto: Møre og Romsdal KrF

Partiet meiner at ei innføring av mobbeombod i Møre og Romsdal vil gjere ein skilnad i mange elevar sine liv og viser til at Buskerud fekk mobbeombod i 2012 og det har fungert godt.

– Eit mobbeombod vil vere eit lågterskeltilbod som born og føresette kan vende seg til om dei opplever at mobbesaker ikkje vert teke på alvor.

– Uhaldbart

Håpet er også at eit uavhengig mobbeombod vil hjelpe enkeltelevar med å jobbe aktivt med førebyggjande arbeid mot mobbing, og vere ein fagleg pådrivar og inspirator på skulane.

– Det er uhaldbart at ungdom i Møre og Romsdal opplever mobbing. Barn og ungdom som opplever mobbing treng at politikarar handlar for å gjere situasjonen deira betre.

Les også: