Hopp til innhold

NRK syklar den nasjonale sykkelruta

Følg NRK på sykkelturen frå Kristiansund til Ålesund på den nye, nasjonale sykkelruta.

Sykkel direkte

Det er Hallstein Vemøy som syklar den nasjonale sykkelruta onsdag. Sykkelen er utstyrt med kamera, kablar, miksepult og monitor.

(Vi har noen utfall, trolig på grunn av laber 4G-dekning).

Gjennom heile Noreg skal det organiserast eit nett med nasjonale sykkelruter. Rute nummer ein startar ved Svinesund og endar i Kirkenes. Det er denne ruta som går kystvegen gjennom Møre og Romsdal.

Sykkel direkte - teknisk fiks

Regnet gir ekstra tekniske utfordringer. Her måtte teamet stoppe for å dekke til det tekniske utstyret og for å gjøre andre tekniske forbedringer.

Foto: Skjermdump / NRK

Her er ruta som Vemøy syklar. Han er utstyrt med GPS-sendar, og du kan følgje han i kartet på heile ruta til Ålesund.

Atlanterhavsruta, som er ein del av Nasjonal sykkelrute nr. 1, er 20 mil, og går mellom Kristiansund og Ålesund. Vemøy droppar hurtigbåten mellom Hamnsund og Ålesund. Han syklar i staden via Tennfjord, Stette, Mørkeset og Olsvika til Ålesund.

Sykkelrute

NRK Møre og Romsdal har lagt opp til følgjande rute onsdag:

  • Klokka 07.30: Start frå tunnelopninga på Averøya. Atlanterhavsvegen- Bud-Hollingen.
  • Klokka 12.45: Ferje Hollingen–Aukra
  • Klokka 13.40: Ferje Småge-Orten-Finnøya
  • Klokka 15.30: Ferje Harøya–Brattvåg
  • Klokka 16.25: Siste etappen: Søvik-Tennfjord-Mørkeset-Olsvik-Ålesund
  • Klokka 18.30/19.00: I mål i Ålesund
Sykkel direkte -- kablar i sekk

Her blir sekken med tekniske løysingar klargjort på ryggen til Hallstein Vemøy.

Foto: Terje Reite / NRK

NRK Møre og Romsdal gjer dette for å vise fram den nye nasjonale sykkelvegen gjennom fylket. Det er ein tur der vegane nokre stader går heilt i fjøresteinane. Naturen er nydeleg og mykje av turen går på lite trafikkerte vegar.

NRK Møre og Romsdal gjer dette også for å teste ulike typar sendeutstyr til bruk i forskjellige situasjonar. NRK har laga mange direktesendingar før. Men etter det vi kjenner til er ei så lang direktesending på sykkel grensesprengande.

NRK Hordaland har tidlegare sendt direkte frå sykkel, men ikkje på ein så lang tur som Atlanterhavsruta.

Sykkel direkte - bildemikser

Sykkelstyret er utstyrt med både eit miksebord (med raud knapp) og ein monitor.

Foto: Terje Reite / NRK

Ei stor utfordring blir å sikre nok tilgang på straum til dei ulike tekniske utstyra. Tilgangen på straum vert truleg den største avgrensande faktoren. Det kjem til å bli behov for batteriskift og lading.

Dei delane av strekninga som ikkje blir sendt direkte, blir lagt ut i opptak i ettertid.

Sykkel direkte - kamera bak

Dette kameraet viser kva som skjer bak sykkelen.

Foto: Terje Reite / NRK

Syklisten er utstyrt med eitt kamera på hjelmen og sykkelen har eit kamera som peikar bakover. På sykkelstyret har syklisten eit lite miksebord som kan brukast til å veksle mellom dei to kamera. På sykkelstyret er der også ein monitor slik at syklisten kan sjå bileta som går ut.

Bake på sykkelen ligg sjølve sendaren, ein LiveU. Denne sendaren bruker mobildata-nettet og inneheld fleire SIM-kort for å oppnå god nok kapasitet. Denne typen sendar har i stor grad teke over for mykje av produksjonstrafikken som TV-stasjonar tidlegare brukte satellitt og faste fiber-samband til.

Sykkel direkte

Video- og straumkabel er festa til sykkelen med gaffateip.

Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL