I brevet understrekar landbruksforvaltninga at det er dei som avgjer kor mykje pengar kvart rassikringsprosjekt skal ha ut i frå rammene som blir sett i naturskadelova.
Sve hevdar dette er å gå ut over fullmaktene, og at det er politikarane som skal avgjere slike saker.
I går sa statssekretær Leif Helge Kongshaug at staten tar ansvaret for sikringa av Åkernesremna i Storfjorden.
Det er sådd tvil om finansieringa, men Kongshaug seier søknaden ikkje er blitt ferdigbehandla fordi den kom seint inn.
Men 15 millionar kroner på årets budsjett er nok til å gjere nødvendige tiltak, meiner Kongshaug.