Hopp til innhold

Norske sjukehus får betre lånevilkår

Over heile landet går norske sjukehus på sparebluss, mellom anna for å få råd til nye sjukehusbygg. No vil regjeringa gjere det lettare for helseføretaka å betale ned dei store investeringane.

Illustrasjon av sjukehuset for Nordmøre og Romsdal, SNR

SNR er eitt av mange sjukehus som skal byggast i Noreg. Utvida avdragstid på lånet kan gje ei årleg lette på 30 millionar kroner dei første åra etter innflytting. Overgang frå serielån til annuitetslån kan også gjere dei første åra etter innflytting lettare økonomisk.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Den viktigaste endringa er at helseføretaka no får betre tid på å betale ned gjelda si. 10 års auka avdragstid betyr mykje for helseføretaka, seier helseminister Bent Høie.

– Det vil lette på det økonomiske trykket som mange sjukehus føler på, seier han.

Økonomiske utfordringar

Norske sjukehus har store planar for investeringar i nye bygg. Men like stor som planane er uroa for den store rekninga som kjem. For i Noreg blir ikkje sjukehusbygg finansiert som ei løyving over statsbudsjettet. Først må helseregionane byggje opp eigenkapital. Så må dei søkje staten om lån. Og alt må betalast tilbake over dei ordinære budsjetta.

Bent Høie

10 års auka avdragstid betyr mykje for helseføretaka, seier helseminister Bent Høie.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Berre for det nye akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal kan endringa som regjeringa varslar innebere økonomisk lette på 30 millionar kroner årleg dei første åra etter innflytting i nytt sjukehus.

– Dette kan føre til mindre behov for omstilling og betre tid til å ta i bruk det nye sjukehuset etter at det er ferdig, seier Høie.

Tommelfingerregelen er at 30 prosent av eit nytt sjukehusbygg skal betalast med verdiar som helseregionen alt har. 70 prosent er lån.

Sykehusbygg har 21 prosjekt som enten er under planlegging eller er i ferd med å bli gjennomført. UNN Narvik, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, utvikling av Oslo Universitetssykehus – Aker og Gaustad, Kristiansand, Hammerfest og Stavanger er berre nokre av prosjekta som er på gang i helse-Noreg.

Høie seier at dei har tenkt spesielt på det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal og eit par av dei andre store byggeprosjekta som er i gang i samband med dei nye vilkåra.

– Det er fleire positive sider med å bygge nye sjukehus, men det krev både eigenkapital og at ein er i stand til å betale tilbake lån til staten. Lånevilkåra har vore tøffe og no lettar vi på desse.

Opnar for anna lånetype

Helseføretaka har fram til i dag berre hatt éin type lån å ta omsyn til, nemleg serielån. Denne lånetypen set store krav til nedbetalingsevna dei første åra av nedbetalingsperioden.

No opnar regjeringa for at føretaka kan nytte seg av annuitetslån, ein lånetype som blant anna er mykje nytta av bustadkjøparar i etableringsfasen.

– Vi har sett at helseføretak særleg har slite økonomisk dei første driftsåra etter at nye sjukehus er blitt teke i bruk. Endringane i låneordninga gjer det mogleg med ei jamnare belastning på drifta over tid, seier Høie.

– Ei lette for Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal er eitt av helseføretaka som både har store økonomiske vanskar i drifta, og som står framfor ei stor investering i nytt sjukehus. På tre år skal føretaket spare nær ein halv milliard kroner for å få økonomisk berekraft. Samstundes skal det byggast nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Helse Midt-Noreg har rekna ut at utvida avdragstid kan lette den økonomiske byrda med 30 millionar kroner dei første åra etter innflyttinga i det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Effekten kan bli endå større om regionen og føretaket vel annuitetslån i staden for serielån.

Stig A. Slørdahl

Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Stig A. Slørdahl.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Då kan det bety inntil 60 millionar kroner i året. Dette vil vere viktig for heile Helse Møre og Romsdal. Det betyr at ein ikkje har eit så sterkt tilbakebetalingskrav når det nye sjukehuset står klart, seier Høie.

Han vektlegg at betringa i lånevilkår er noko dei har jobba med over lengre tid.

– Helse Møre og Romsdal står ovanfor store økonomiske utfordringar. Dei må vite at regjeringa vil vere med på å lette på trykket. I tillegg har Helse Midt-Noreg møte i Ålesund i dag, og eg forventar at dei også bidreg til å lette på det trykket som helseføretaket no opplever.

Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Stig A. Slørdahl, seier at dei nye vilkåra er eit svært positivt signal frå regjeringa. Han meiner at Helse Midt-Noreg gjer sitt for å hjelpe Helse Møre og Romsdal.

– Økonomien i Helse Midt er jo eit fellesskap. Vi bidreg til at dei skal kome seg gjennom den kneika som dei no står ovanfor. Vi har tatt vekk den akutte belastinga ved at dei får moglegheit til å gjere omstillingar i ei periode før dei kjem i balanse. Og så må vi sjå kva andre ting vi kan bidra med, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL