Hopp til innhold

– Sensasjonell makrellrekord i august

Norske fiskarar har henta opp rekordmykje makrell frå havet i august. Fiskarar og eksportørar gler seg over store inntekter. Men mangel på internasjonale avtalar kan føre til overfiske.

Havdrøn på makrellfiske 2019

Havdrøn er ein av dei mange ringnotfartøya som er med i makrellfisket. Dette bildet er frå makrellfisket i 2019.

Foto: Roar Bjånesøy / Norges Sildesalgslag

Blank og glinsande blir tonn på tonn makrell frakta i høgt tempo frå ringnotbåten MS «Hovden Viking» og inn på fabrikken Brødrene Sperre på Ellingsøya i Ålesund. Det er enorme mengder fisk. 280 tonn blank makrell skal frå fartøyet og inn i fabrikklokala. Seinare skal fisken hamne på matborda til japanarar, kinesarar eller i eit anna fjerntliggande land.

Hovden Viking

Ringnotsnurparen «Hovden Viking» ved kai ved Brødrene Sperre på Ellingsøya denne veka.

Foto: Brødrene Sperre

Men leveransen frå «Hovden Viking» er berre ein brøkdel av det norske fiskarar kan ta på ein sesong. I år kan fiskarane ta heile 300.000 tonn makrell. På tre augustveker tok dei nesten halvparten.

Markrell i frabrikke til Brøndrene Sperre.

Her kjem tonn på tonn makrell inn i fabrikken hos Brødrene Sperre på Ellingsøya i Ålesund.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Rekordkvotar etter forhandlingsbrot

Etter at Storbritannia gjekk ut av EU måtte dei internasjonale avtalane om fiskekvotar forhandlast på nytt. Men forhandlingane braut saman, og kvar nasjon fiskar no etter eigne, nasjonale reglar innanfor sine eigne fiskerigrenser.

Noreg har ein rekordstor kvote og norske fiskarar blei oppmoda om å fiske opp kvoten så raskt som råd. Den norske fiskeflåten gjekk ut på seinsommaren, og i august kom dei i land med så mykje som 147.000 tonn makrell.

Jan Eirik Johnsen

Jan Eirik Jonsen er sjømatanalytikar i Norges Sjømatråd.

Foto: Marius Fiskum / Norges Sjømatråd

– August har på mange måtar vore ein sensasjonell makrellmånad. Det var rekordtidleg sesongstart, seier sjømatanalytikar Jan Eririk Johnsen i Noregs sjømatråd.

Den norske makrellkvoten for 2021 er 45 prosent større enn i 2020.

Samanbrot skapte uvisse

Då forhandlingane med Storbritannia og Færøyane braut saman i april, skapte dette stor uvisse blant fiskarar her til lands. Mange norske fiskarar har dei siste åra teke store deler av makrellkvoten i britisk sone. Men etter samanbrotet blei dei nekta tilgang til britisk sone og måtte ta all makrellen innanfor den norske fiskerigrensa.

Lukka var at denne seinsommaren spelte makrellen på lag med dei norske fiskarane. Fisken var på rett stad til rett tid.

– Det var usikkert om makrellen ville vere tilgjengeleg i norsk sone og om fiskeflåten kom til å klare å ta den store kvoten her. Men dei tre siste vekene har flåten lagt ned ein fabelaktig innsats, seier Jan Eirik Johnsen.

Knester i årets makrellfiske

Ringnotbåten Knester under årets makrellfiske.

Foto: Roar Bjonesøy / Norges Sildesalgslag

– Svært positivt med augustfiske

I fjor kom makrellfisket i gang siste veka i september. Når norske fiskarar i år har hatt full kontroll med heile fisket i norsk sone, kunne dei ta til ekstra tidleg.

– Med tidleg start har fisket også gått føre seg tett inne ved kysten, nær fabrikkane våre. Vi har fått svært fersk makrell. Så stor aktivitet i august er heilt unormalt, om vi samanliknar med dei siste seks åra, seier eksportsjef for Asia, Ole Kristoffer Nore i selskapet Brødrene Sperre i Ålesund.

Det er særleg kundane i Asia som set verkeleg store krav til kvaliteten på makrellen. Og i år skal det vere makrell av ypparste klasse som er i ferd med å bli sendt til Kina og Japan.

– Vi har bygt opp eit godt rennomé for norsk makrell i Japan. Og med fiske tidleg på hausten har vi også kome tidleg inn på marknadene, seier Nore.

Høgare nivå enn i fjor

Når norske fiskarar har teke ein stor del av kvotane tidleg i august så kjem dette til å janmne seg ut for dei komande månadene. Men totalkvotane er også høgare.

– Vi kjem uansett til å hamne på eit høgare nivå enn i fjor både når det gjeld volum og verdi for året under eitt, seier Nore.

Overfiske?

Samanbrotet i fiskeriforhandlingane med andre kyststatar er noko av bakgrunnen for det omfattande makrellfisket. Fleire fryktar overfiske som følgje av at kystnasjonane ikkje er blitt samde om ein totalkvote. Ifølgje Fiskeribladet legg kyststatane no opp til eit samla fiske som ligg 43 prosent over anbefalingane frå det internasjonale havforskingsrådet.

Leif Nøttestad

Leif Nøttestad er ansvarleg for makrellforskinga ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Dette er ein uheldig situasjon med fare for overfiske av gytebestanden, sa ansvarleg for makrellforskinga i Havforskingsinstituttet, Leif Nøttestad til Fiskeribladet i juni i år.

Han presiserer likevel at makrellbestanden framleis ligg på eit høgt stabilt nivå sjølv med eit eventuelt overfiske.