Brexit skaper kappløp for å ta opp fisken før han «stikk av» til britisk farvatn

Norske fiskarar snakkar om «eit race» for å hente opp sild og makrell før han dreg vestover til britisk farvatn. – Dessverre ein indirekte konsekvens av Brexit, svarer fiskeriministeren.

Fotograf: Grethe Hillersøy Copyright: Norges Sjømatråd

ALDRI MEIR 2021: Kjell Ingebrigtsen, leiar i Noregs Fiskarlag, håper at Storbritannia og Noreg vil kome til einigheit, slik at sommaren 2021 ikkje gjentek seg.

Foto: Grethe Hillersøy / Norges Sjømatråd

– Det har vore eit race for å få opp silda mens han enno er i norsk sone, seier Per Røys.

Han er fabrikksjef ved Pelagia Kalvåg i Sogn og Fjordane, der dei mottek og pakkar sild.

Til vanleg har fiskarane eit «vindauge» på sju veker til å nå kvotane. I år vart «smått og stort» tatt opp i løpet av tre veker, seier Røys.

Bakgrunnen er fiskeriforhandlingane mellom Noreg og Storbritannia, som braut saman i april.

Konsekvensen er at norske og britiske fiskarar ikkje lenger kan gå inn i sonene til kvarandre.

– Norske fiskarar kan ikkje fiske her, og britiske fiskarar kan ikkje fiske i norske farvatn. Det er galskap, sa Trevor Datson i UK Fisheries til NRK.

Sidan Brexit har det difor vore «rock ‘n roll» i fiskenæringa for å hente opp mest mogleg sild før han «stikk av» til britisk farvatn, fortel Røys.

Der dei tidlegare kunne følge fisken over i britisk farvatn, der han vaks seg feitare, må dei no ta opp fleire og tynnare fisk på norsk side.

Sildefiske
Foto: Tony Meyer

– Uheldig at fiskepresset på ungfisk aukar

Størrelsen på silda og «ressursbiologiske forhold» vart brukt som et argument overfor Storbritannia under forhandlingane. Resonnementet var at begge land har gjensidig interesse av at fisket ikkje vert for «konsentrert i tid».

Geir Huse er Forskningsdirektør ved Havforskingsinstituttet.

– For bestandane er det uheldig med endringar som gjer at fiskepresset på ungfisk aukar fordi vi haustar den tidlegare i livssyklusen, seier han.

Han legg til:

– Ideelt sett bør vi hauste fisken når tilgjenge og kvalitet er best mogleg, men dette krev i mange tilfelle tilgjenge til andre land.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) stadfester at fisket har forskyve seg:

– Dette er dessverre ein indirekte konsekvens av Brexit. No må fiskeflåten og landindustrien samarbeide godt, for å få eit best mogleg resultat ut av denne spesielle situasjonen, seier han.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen

AKK, BREXIT: – No må fiskeflåten og landindustrien samarbeide godt, for å få et best mogleg resultat ut av denne spesielle situasjonen, seier Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Makrellkvotane heldt tilbake

Knut Halvor Møgster er salsleiar hos Norges Sildesalgslag.

– At vi ikkje har sonetilgang skaper ein uheldig situasjon for fangsten av makrell og nordsjøsild, seier han.

Til vanleg er makrellen best i september. Men i år vil fiskarane ha incentiv for å ta han opp i august, før han «forsvinn» over på britisk side.

For å bøte på dette er 30 prosent av makrellkvotane til havfiskeflåten haldne tilbake til seinare på året når kvaliteten er betre.

– Vi har regulert fisket med sikte på å unngå at for mykje makrell blir fiska for tidleg i sesongen. Alle bør vere interessert i at det vert fiska mest mogleg når makrellen er på sitt beste, seier fiskeriministeren.

Dei to siste åra har ein stor del av den norske makrellkvoten vore fiska i britisk sone, men biletet kan endre seg. I 2017 kom 70 prosent av makrellen frå norsk sone.

Sildefisk
Foto: Lise Åserud / Scanpix

– Ikkje Noreg som har bede om Brexit

– Vi er spente på korleis makrellsesongen blir. Vi ynskjer sjølvsagt å fange han på hausten når kvaliteten er best, seier Kjell Ingebrigtsen, leiar i Noregs Fiskarlag.

Han håper at Storbritannia og Noreg vil kome til semje, slik at sommaren 2021 ikkje gjentek seg.

Audun Måråk er leiar i Fiskebåt – havfiskeflåtens organisasjon.

– I år er løpet gått, seier han.

Han legg til:

– Fisken kjenner ingen landegrenser. Vi ville vore betre tent med ein avtale, men kan ikkje godta ein avtale som er dårlegare enn han vi hadde. Det er ikkje Noreg som har bede om Brexit.

Per Røys ved sildefabrikken i Kalvåg

EIT RACE: – Det har vore eit race for å få opp silda mens hans enno er i norsk sone, seier fabrikksjef Per Røys.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK