Hopp til innhold

Norsk klippfisk står fast på hamner i Brasil

Mange tonn med norsk klippfisk står i konteinarar i Brasil. Der er klippfisk svært viktig på middagsbordet i påska.

Klippfisk i Brasil

Klippfisk er høgtidsmat i Brasil.

Foto: Norges Sjømatråd

Brasil er ein av dei viktigaste marknadane for norske klippfiskprodusentar.

I påskehøgtida går det med store mengder med klippfisk, men ikkje all fisken kjem fram på middagsborda i tide.

Mange tonn står nemleg fast i konteinarar på hamnene, skriv TV 2.

Grunnen er todelt. Den siste månaden har det føregått ein gå-sakteaksjon blant hamnearbeidarane. I tillegg har det dei siste åra vore problem med at konteinarane har blitt stoppa i kontrollar.

Les også Slo rekord med 30 milliarder – men eksporterte mindre sjømat

Fiskeeksport

Fisk blir returnert til Noreg

Klippfiskeksportør Scan-Mar i Ålesund erfarer at konteinarane må vente i veker og månader på grunn av innskjerpa reglar for matimport.

Det kan også vere problem med manglande straumtilgang og dermed kjøling. Nokre gongar har difor fisken blitt returnert til Noreg.

– Dersom vi må returnere konteinarane kostar det mellom 100.000–150.000 kroner. Blir dei ståande lenge vil det fort koste det dobbelte når hamneavgift og straumutgifter skal betalast i tillegg, seier Espen Roth i Scan-Mar til Noregs Sjømatråd.

I fjor eksporterte Norge klippfisk for over 1,3 milliardar kroner til Brasil.

Usikkert for kjøparane

Også Brødrene Sperre på Ellingsøya merkar utfordringa når Tollvesenet og Mattilsynet i Brasil skal klarere klippfisken, seier Arne Sperre.

– Utfordringa er eit komplisert regelverk og at det synest å bli praktisert på ulike måtar i det ulike hamnene, seier Sperre.

Han seier dette gjer det uføreseieleg for dei brasilianske kundane, som ikkje veit kor tid dei får fisken frå Noreg.

Han meiner norske styresmakter må på banen og sette fokus på temaet.

Les også Her får dei norske fiskekassane nytt liv på verdas største karneval

Klippfisk-kasser frå Førde vart om til møblar under Casa Bloco-karnivalet i Rio.

Stort problem

Sjømatrådets utsending i Brasil, Randi Bolstad, stadfestar problemet og seier at ho brukar store delar av arbeidsdagen på dette.

Ho er no i gang med på utarbeide ein rapport for å få utfordringane for sjømatnæringa høgare opp på den politiske agendaen.

Randi Bolstad frå Noregs sjømatråd med norsk klippfisk i Rio de Janeiro.

Randi Bolstad er Sjømatrådet si utsending til Brasil og brukar mykje av tida si på problematikken.

Foto: Christina Neumann / Sjømatrådet

– Departementet som styrer matkontrollen i Brasil, kommuniserer helst med norske styresmakter som er på same politiske nivå. Difor er vi avhengige av å ha norske styresmakter sterkare med på laget, seier Randi Bolstad i ei pressemelding

– Er i dialog med brasilianske styresmakter

Statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, Kristina Hansen, seier at styresmaktene har jamlege møter med brasilianske styresmakter om vilkår for import av klippfisk.

Vilkåra for import av klippfisk har vore tatt opp både av Mattilsynet og av departementet, og vi arbeider no med tanke på å inngå ein bilateral avtale, for å forsøke å få løyst utfordringane.

Kristina Hansen Ap

Kristina Hansen er statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Lars Åke Andersen

I år er Norge gjesteland for G20- arbeidet i Brasil. Det betyr at ei rekkje norske politikarar og folk frå styresmaktene skal besøke Brasil i år.

Vi ser også nærmare på moglegheita for meir politisk dialog i forbindelse med G20 møter i år, seier Hansen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL