Hopp til innhold

Her får dei norske fiskekassane nytt liv på verdas største karneval

Trekassane vart laga for å frakte klippfisk frå Noreg til Brasil. No får dei skine under verdas største karneval i Rio de Janeiro.

Klippfisk-kasser frå Førde vart om til møblar under Casa Bloco-karnivalet i Rio.

FISKEKASSAR PÅ KARNEVAL: Korleis heng fiskekassar frå Noreg og karnevalet i Rio de Janeiro saman?

Foto: Christina Neumann / Sjømatrådet

Reisa til trekassane startar på Bruland Trevare i Førde.

Her blir dei monterte og merka med logo før dei blir sende til Møre for å bli fylte med klippfisk.

Deretter går vegen til Brasil, der fisken blir brukt i nasjonalretten bacalao. Faktisk er over halvparten av klippfisken som blir eten i Brasil frå Noreg, ifølgje Sjømatrådet.

Men reisa til kassane sluttar ikkje der. For i kulissane blant glitter, glam og sambarytmar under verdas mest berømte karneval i Rio de Janeiro, får kassane leve vidare.

Når karnevalet brakar laus seinare i dag, har trekassane frå Førde blitt dansescene, sofaer og bord for festivalen Casa Bloco. Matboda «O autêntico Bacalhau da Noruega» er bygd av 150 slike kassar.

– Brasilianarane diggar desse kassane.

Dei minner dei om noko rustikt og tradisjonelt, seier Randi Bolstad frå Norges sjømatråd, som jobbar og bur i Rio de Janeiro.

Ho har møtt Diogo Albuquerque, som lever av å lage møblar og inventar av trekassane.

I bedrifta si har han tilsett menneske frå fattige område i byen som treng arbeidserfaring. Saman har dei laga bord, sofaer, stolar, benkar og diskar av fiskekassane til heile festivalområdet.

Sambaparade Mangueira

Sambaparade Mangueira

Lang eksport-historie

Noreg sender i dag klippfisk av både sei, torsk, lange og brosme til Brasil.

Tradisjonen går tilbake til 1842, og sidan har fiskehandelen blitt ei svært lukrativ næring.

I fjor utgjorde den totale eksporten over 19.000 tonn, til ein verdi av 1,3 milliardar kroner, syner tal frå Norges sjømatråd.

Les også Den siste dagen av karnevalet handler om fråtsing i alkohol, mat og sex

Yk52sWQJ-XA

15 trailerlass med finer

Tilbake på norsk jord synest leiaren for Bruland Trevare, at det heile er ganske artig.

Trevarefabrikken i Førde har produsert fiskekassar på bestilling i ei årrekke.

Det starta med sildekassa, og no klippfisk-kassane. Årleg produserer dei mellom 30.000 og 50.000 fiskekassar.

– Sjølvsagt er det stort for oss å sjå at det er gjenbruk på kassane våre, seier Sissel Bruland-Gurvin.

Lager av fiskekassar

Her er kassane på lageret i Førde. Snart skal dei ut i verda.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Ekstra kjekt at dei blir brukte på hovudscena på eit så stort arrangement som karnevalet i Rio.

Det er ikkje første gong at ho har fått bilde av at kassane har blitt brukte under karnevalet. Neste år håpar ho å få sjå dei i bruk med eigne auge.

– Vi må jo ned å sjå dette «live», seier ho.

Norske klippfisk-kassar på matstand i Rio de Janeiro

Matboda består av brukte pallar og om lag 150 klippfisk-kassar.

Foto: Davi Campana / Sjømatrådet