Hopp til innhold

Noregs rikaste kommune byggjer endå meir

AUKRA (NRK): Store skatteinntekter frå ilandføringa av gass gjer Aukra til Noregs rikaste kommune. Dei siste åra har kommunen med 3551 innbyggarar investert for 2,2 milliardar kroner.

Bernhard Riksfjord

Bernhard Riksfjord (A) har vore ordførar i Aukra i 12 år. På ti av desse åra har kommunen investert for 2,2 milliardar kroner. Skatt frå ilandføringsanlegget for Ormen Lange på Nyhamna fyller kommunekassa.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tysdag blei spaden sett i jorda for eit nytt stas-prosjekt i kommunen med med den aller tjukkaste lommeboka. Kor og korps var på plass og det var jubelrop, klappsalvar song og musikk. No blir det både nytt kulturhus og badeland.

– Vi har bygt nytt omtrent alt. Enten det er barnehage, skular, omsorgssenter, kommunale vegar, veglys, breiband. Og for ikkje å snakke om nytt vassverk. Vi har brukt pengane på ein fornuftig måte, seier den stolte ordføraren Bernhard Riksfjord som no gir seg etter tolv år som ordførar.

Bernhard Riksfjord spade barn

Bernhard Riksfjord fekk hjelp av Marie Eilertsen Løvik og Henrik Moan Myklebust då første spadestikk for det nye kulturhuset skulle takast i dag.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Gass gir pengar i kassa

Det er anlegget som behandlar gassen frå Ormen Lange og Aasta Hansteen-feltet i Norskehavet som gjev kommunen dei store inntektene. Kvart år blir kommunekassa fylt opp med 250 millionar kroner. Dette er pengar som kjem inn som eigedomsskatt frå gassanlegget på Nyhamna. Ifølgje tal frå Kostra er det ingen andre kommunar som har så store inntekter per innbyggjar.

– Eg lever veldig godt med at nokon kanskje er misunnelege. Vi har jobba i årevis for å få til dette. Vi legg ikkje skjul på at vi har god økonomi. Og vi tykkjer sjølve at vi har gjort gode investeringar, seier ordførarveteranen.

Nyhamna landanlegg

Dette er gassanlegget på Nyhamna. Hit kjem gassen frå Ormen Lange og frå Aasta Hansteen-feltet. Og gassen blir send vidare til Storbritannia.

Foto: Shell

Kake til alle

Kvar einaste gong Aukra lanserer ei ny investering blir innbyggarane inviterte på kakefest.

– Det har blitt over 14 000 kakestykker. Det finst ikkje ein einaste kommune i Noreg som har servert noko liknande, proklamerer ordføraren og får applaus frå dei frammøtte.

Kake til alle i Aukra

Tradisjonen tru var det kake til alle frammøtte også i dag. Til saman er det delt ut 14 000 kakestykke i samband med investeringar dei siste 10 åra.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Pengane må gå til lokalmiljøet

.Ikkje alle er like nøgde med at enkeltkommunar skal sitje att med så mykje pengar som følgje av store industrietableringar. Finansdepartementet har sett ned eit utval som tysdag la fram ein rapport med forslag om at kraftkommunar må gje frå seg inntekter frå kraftanlegg.

Bernhard Riksfjord meiner det er viktig at lokalmiljøa får behalde slike inntekter.

– Dersom du skal ha store industrietableringar i ein kommune må det kome noko tilbake til lokalmiljøet. Ormen Lange-anlegget på Nyhamna dekkjer 10 prosent av arealet i heile kommunen.

– Men bør ikkje kraftkommunar og ilandføringskommunar dele inntektene med andre?

– Vi deler med andre også. Men inntektene må gå til lokalmiljøet er aktiviteten er. Elles er det ingen som vil ha ilandføring, vindkraft eller kva det no måtte vere. Dette er ein hevd som har eksistert i over hundre år, seier Bernhard Riksfjord (A).

Om få dagar leverer han ordførarklubba til Odd Jørgen Nilssen (H). Då har Riksfjord styrt den rike gasskommunen i 12 år.

Fest og feiring i Aukra

Slik ser det ut på Aukra når ei ny investering skal feirast. Folk tek med seg flagg og er med på feiringa.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK