Øystein Opdøl sa nei til pengar frå kraftselskapa, og i staden for at det vart kraftverk i Innerdalen, kjempa han for å verne det naturskjønne området. 50 år etter at Innerdalen vart landskapsvernområde, var det markering og hyllest av den vakre naturen.
Hard kamp
Barnebarnet til Øystein, Eystein Opdøl, driv Renndølsetra, og er naturleg nok svært glad i Innerdalen. Han fortel også at det var ein knallhard kamp bestefaren måtte kjempe.
– Ja, det var knallhardt, for det var veldig mange som ville ha det utbygd og dei kunne ikkje forstå at han ikkje ville ta imot kraftpengane.
– Berre det at vi høyrer lyden av elva heile tida. Det blir ei påminning på det, for den skulle ha vore tørr, dersom dei ikkje hadde fått det til.
Kåre Koppreitan vart inngift i familien, og blei engasjert direkte inn i vernearbeidet av svigerfar Øystein Opdøl då han kom flyttande til Sunndal i 1970. Han fortel at det var ganske radikalt det Øystein Opdøl gjorde.
– Mange som hadde vassdragsrettar valte å tene pengar på det, medan han hadde eit langsiktig perspektiv om at dette var ei naturperle som vi måtte ta vare på for framtida.
– Korleis er det å vere her å feire i dag?
– Det er fantastisk! Denne dalen har vore ein viktig del av måten eg har levd livet mitt på. Den har inspirert meg til uttallige fjellturar og eit liv der eg har opplved det fantastiske i å vere ute i skog og mark, fjell og vidder, seier Koppreitan.
– Beste plassen i Noreg
Innerdalen har vore og er viktig for mange, blant anna for Gunvor Mæhle, som er ein av dei som tok turen til Innerdalen laurdag, for å vere med på markeringa.
– Det finnast ikkje ord for korleis dette området er. Ein må oppleve det. Det er den beste plassen i Noreg, trur eg.
Ho går i området fleire gongar i året, og er svært glad for at vatnet ikkje blei demt opp den gong.
– Heldigvis var det folk som fekk vekk dei tankane. Dei som dreiv her då, det var heidersfolk.
– Innerdalen fortener det
Turgåarane blei møtt med både korpsmusikk og sang i Innerdalen på laurdag. Kultursjef i Sunndal kommune, Ole Magne Ansnes, er klar på kvifor kommunen har valt å markere ein slik dag.
– Fordi Innerdalen fortener det. Det er ein av dei finaste plassane eg og fleire med meg veit om.
– Er du glad for at området blei verna for 50 år sidan?
– Ja, du verda. Det er rart å tenkje på at det faktisk var nære på, så takk til dei som stod på den gong, altså.