NRK Meny
Normal

Må seks månader i fengsel for vald med balltre

Ein mann i slutten av 20-åra er i Nordmøre tingrett dømd for å ha slått ned ein mann med balltre utanfor ein utestad.

Nordmøre tingrett

Nordmøringen fekk dommen i Nordmøre tingrett.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Dette skal ha skjedd i august i år ved ein utestad i Kristiansund sentrum. Den dømde slo ein annan med balltre fleire gonger i hovudet og i venstre arm. Begge var påverka av alkohol.

I dommen går det fram at den fornærma blei køyrt med ambulanse til Kristiansund sjukehus for å blant anna sy eit kutt bak øyret.

Syns fornærma var plagsam

Dei to mennene hadde seint på kvelden ein diskusjon utanfor utestaden, og den dømde fortalde i retten at han hadde blitt irritert.

Mannen budde i same bygget som utestaden, og hadde difor kort veg til å hente balltreet, som han brukte til å slå den andre mannen med. Det står også i dommen at dei to mennene har gitt ulike forklaringar om graden av vald.

Halvt år i fengsel

Straffenivået for vald har blitt heva dei siste åra, og nordmøringen er difor dømd til seks månader i fengsel, og til å betale sakskostnadane på 3000 kroner.

Han er tidlegare straffa for vald og narkotikakriminalitet.