Hopp til innhold

No kan du ta teoriprøve i haustferien

Ungdommen er opptatt av å unngå fråver. Dei får uventa hjelp frå vegvesenet.

Teoriprøve

Nye fråversreglar har framskunda drop-in-tilbod for teoriprøver ved vegstasjonane.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Trafikkstasjonane i Møre og Romsdal slår til med utvida tilbod om teoriprøver i haustferien.

– Dette blir gjort for at skuleelevar skal kunne ta teoriprøva utan å få fråver, seier kontorsjef Bente Sørlie i Statens vegvesen til NRK. Det er dei nye fråversreglane som har framskunda prøveordninga.

Bente Sørlie, Statens vegvesen

Bente Sørlie i Statens vegvesen håper mange ungdommar kjem i haustferien, og at dei er godt budde på å ta teoriprøva.

Foto: Statens Vegvesen

Ho fortel at det blir eit drop-in-tilbod for teoriprøver frå 10. til 14.oktober. Dette gjeld ved trafikkstasjonane både i Kristiansund, Sunndalsøra, Molde, Ålesund og Ørsta.

Service til ungdommen

– Hovudvekta av dei som tar teoriprøve til førarkortet er elevar på vidaregåande. Vi reknar med at ein del ønskjer å bruke haustferien til teoriprøve for å sleppe fråver, seier Bente Sørlie.

Vegvesenet har ikkje fått noko krav om dette, men gjer det som ein service til ungdommen.

Til vanleg er det teoriprøve ved vegstasjonane 1-3 dagar i veka. Unntaket i Møre og Romsdal er Ålesund, der det er daglege teoriprøver.

Eksamensvakten passer på under teoriprøven

Skuleelevar i Møre og Romsdal kan ta teoriprøva i haustferien, så dei slepp fråver på skulen.

Foto: FAYRUZ SADO / NRK