Hopp til innhold

No vil ungdommen bli fiskarar

Dårlege tider i offshorebransjen gjer at unge som vil jobbe på sjøen no satsar på fiskaryrket. For første gong på 20 år er det ein auke i talet på fiskarar her i landet.

Ungdommen vil bli fiskarar
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

ÅLESUND (NRK): 16 år gamle Kristian Remøy Bakke er fødd inn i ei fiskerifamilie. Det er heilt naturleg for han å velje dette yrket, og no skal han ut på sin første tur.

– Før var det lett å få seg lærlingplass, men no er det mange som ikkje får plass, for det er så mange som vil over på fiskeri, seier Bakke til NRK.

Mange unge fiskarar

Kristian Remøy Bakke, elev Herøy vidaregåande skule

VIL BLI FISKAR: Kristian Remøy Bakke .

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Kristian Remøy Bakke er ikkje åleine. Når fabrikktrålaren Remøy no er på veg til Nordsjøen, er det fem elevar og lærlingar om bord. Nesten halvparten av alle nye fiskarar i Noreg er under 30 år. Og for første gang på 20 år, auka talet på fiskarar i fjor. Tal frå Fiskeridirektoratet viser at det var 11.244 personar som var registrerte som fiskarar i fjor, 1861 av desse er under 30 år.

– Målet mitt er å kome meg igjennom læretida, og så vil eg oppi styrehuset til slutt, seier førstereisguten Kristian Remøy Bakke.

Fabrikktrålaren Remøy

STORFANGST: Fabrikktrålaren Remøy kom til Ålesund i dag og har fiska 850 tonn sei sidan jul. No er han på veg til Nordsjøen igjen.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Dårlege tider

Ein av grunnane til at ungdommen strøymer til fiskebåtane er oppseiingar og krevjande tider i offshorebransjen. Men dei som kjem til reiarane for å få jobb som fiskar, medan dei eigentleg vil ha offshorejobb, er ikkje like velkomne.

Kristin Remøy, eigar fabrikktrålaren Remøy

VIL HA FISKARAR: Kristin Remøy, eigar for fabrikktrålaren Remøy.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Vi vil ha med dei som verkeleg vil vere fiskar. Dei som vil på fiskeri berre fordi dei ikkje har jobb offshore, og stikk offshore igjen så snart dei får sjansen, vil vi ikkje ha. Vi vil ha fiskarane, seier eigaren av fabrikktrålaren Remøy, Kristin Remøy.

Og dei fem elevane og lærlingane som reiser til Nordsjøen i kveld, er klare på at det er fiske dei vil drive med.

– Du lærer ikkje korleis det er å vere fiskar på ein skulebenk, det må du ut og prøve sjølv, konstaterer Kristian Remøy Bakke.

Tøffe tider i offshore gjer at mange unge vil på fiskebåt.