Hopp til innhold

Nikka på Hairy Bikers i kveld

I kveld debuterer Nikka Myren Grønning (95) frå Valldal på BBC. Vi møter henne i det populære programmet Hairy Bikers' Bakeation.

Nikka Myren Grønning møter Hairy Bikers

HÅRETE: Det er ikkje kvardagskost at ei 95 år gammal bakstekone frå Sunnmøre vert vist på BBC.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Nasjonal kjendis

Nikka Myren Grønning er ikkje ukjent med TV-mediet. Ho var mellom anna hovudpersonen i ein heil serie på Norge Rundt i haust.

Der viste ho fram alt frå kunsten å stoppe strømper til å bake bakkels.

Video Lær å stoppe strømper

PÅ TV: Nikka Myren Grønning blir intervjua av NRKs reporter Sissel Brunstad til serien som gjekk på Norge Rundt i haust.

Men den friske bakstekona gir seg altså ikkje der. I kveld klokka 21.00 viser ho fram kunstane sine til eit internasjonalt publikum saman med TV-kokkane Hairy Bikers på BBC.

Video Hairy Bikers besøkte 95-åring

Hairy Bikers besøkte Nikka Myren Grønning.

Startar i Kristiansund

Det er ikkje berre Nikka og Valldal som får vise seg fram i kveld.

Dei to hårete motorsyklistane startar dagens program i Kristiansund før dei køyrer Atlanterhavsvegen og reiser på øyhopping med ferje.

Video Hairy Bikers i Kristiansund for BBC

Hairy Bikers i Kristiansund for BBC.

Dei køyrer også motorsykkel langs tøffe vestlandsvegar før dei endar opp i Oslo.

I kveldens programomtale er Nikka spesielt nemnt:

«They also meet some talented home-bakers, including 95 year old Nikka who rustles up waffles on her 65 year old waffle-iron.»

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL