Hopp til innhold

Nikka (97): – Eg blir nok bra øsen

Nikka Myren Grønning er hovudbakstekjerring og eldste bidragsytar til «Lefseboka» som vert lansert i dag.

Lefseboka

Fleire sider i «Lefseboka» har blitt via til Nikka og oppskriftene hennar.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Matkultur-nestoren Bodil Nordjorde har tråla landet rundt på lefsejakt. Det har resultert i ei bok på over 300 sider med oppskrifter.

«Det er mangfaldet og dei grenselause gode smakane som saman gjer lefsa til det unike matemnet det er. Ei lefse kan vere sjarmerande lita og nett, og den kan samstundes vere stor og ruvande som leiv på ei stor takke, nesten uangripeleg for mange. Knapt noko anna matemne har so mykje taus handlingsboren kunnskap i seg som lefsene har» skriv Nordjorde i forordet i boka.

Lanseringsfest med lefsedram

Nikka Myren Grønning

Nikka Myren Grønning var klar til avreise tysdag morgon. Då gjekk turen til Stange i Hedmark.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Som representant frå Møre og Romsdal var den kjende lefsebakaren Nikkoline Myren Grønning eit naturleg val. Dermed bar det av garde til boklansering i Hedmark tysdag ettermiddag.

50 bidragsytarar blir med på lanseringsfesten, der det vil vere viser og dikt om lefser, og ein eigen spesialprodusert lefsedram som deltakarane skal få smake på.

– Det blir ein stor dag for meg. Eg kjem nok til å bli bra øsen når eg kjem dit, seier Nikka til NRK like før avreise om morgonen.

Bestillingane tikkar inn

Nikka er kjend for sitt nære forhold til lefser. På sine yngre dagar underviste ho elevar på skulekjøkkenet, og no er det vaksne som får innføring i lefsekunsten.

– Eg har baka mange lefser og lært mange å bake, konstanterer ho og legg til at ho neppe gir seg med det første. Nyleg sende ho hundre lefser til Isfjorden, og har allereie fått bestilling på fleire til jul.

Norsk dokumentar. Livsglede og virkelyst kjenner ingen alder. 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldalen elskar livet og fyller dagane med mange ulike gjeremål. Nikka drøymer om å leve til ho blir 110 år.

SJÅ TV-PROGRAMMET: Nikkoline Myren Grønning frå Valldal elskar å fylle dagane sine med mange ulike gjeremål og drøymer om å leve til ho blir 110 år gammal.

Nikka

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL