Hopp til innhold

Ni kampar utan seier

Statistikken er ikkje god for Molde. Ein nervevekkande kamp mot serieleiar Rosenborg enda med 1-3 tap.

Målsjansane var tette og spelet sterkt på Lerkendal der Molde møtte Rosenborg for eliteseriekamp søndag kveld. Det enda med 3-1 til RBK.

Nervevekkande kamp

Magne Hoseth satte første mål for Molde etter 11 minutt. Leiinga sat ikkje lenge, for tre minutt etter utlikna Roar Strand for Rosenborg. Etter vel ein halvtime set Mikael Dorsin det andre målet for Rosenborg.

Det fjerde målet i kampen kom frå Steffen Iversen sjøl, eit kvarter uti andre omgang. Molde mista litt av gløden i andre omgang.

Ute av kampen

Daniel Berg Hestad klippa ned RBKs Annan og fekk raudt kort på flekken vel ti minutt før kampens slutt. Magne Hoseth var i faresonen med gult kort før kampen, med eitt gult kort i andre omgang må både Hestad og Hoseth sitte over neste kamp.

Kjenner poengpresset

Med fleire skadde spelarar har Molde ikkje hatt den beste sesongen, og ser ut til å ha spesialisert seg på uavgjort. Etter åtte kampar utan seier vart dette den niande kampen i rekka.

RBK har no berre eitt tap på 26 kampar, det var på heimebane mot Start i oktober i fjor. Rosenborgs toppspelarar er satt på kvilebenken i kveld, dei ladar opp for kamp mot København onsdag. Det skulle opne for poenghenting for Molde, som starta sterkt i første omgang.

Oppdateringar

Blir det ny uavgjort for Molde? Les oppdateringar frå kampen minutt for minutt.
Følg kampen på sportsendinga 4-4-2 på nett- radio.

4-4-2 fra kl. 1730

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL