Hopp til innhold

Netthandel fører til nedlegging

Kundane kjem innom for å prøve instrument før dei gjer sjølve handelen på nettet. Dermed misser Ålesund sentrum sin siste faghandel for musikkinstrument.

Nakken Musikk i Ålesund legg ned

I lokalene hos Nakken musikk har unge og eldre fra hele Sunnmøre kommet sammen for å spille, prate og fortelle gode historier fra musikermiljøet. Nå er det slutt - etter nesten 50 år med butikk i Ålesund sentrum.

Nettbutikkane overtek

Stemninga er ikkje den same som det har vore i musikkforretninga. Kundane synest det er vemodig at Nakken Musikk må legge ned.

Geir Nakken

Geir Nakken er nøydd til å legge ned musikkforretninga si i Ålesund sentrum.

Foto: Frode Berg / NRK
Gata utanfor Nakken Musikk

Det er ikkje like mykje liv i gatene utanfor Nakken Musikk som det var før.

Foto: Frode Berg / NRK

– Alle som har vakse opp med eit instrument i handa kjem til å sakne Nakken musikk, seier kunde Are Vartdal.

Innehavarane av Nakken Musikk meiner nettbutikkane vil overta myke av salet i framtida. I dag er det mange som berre tek ein liten tur innom spesialforretningane før dei gjer sjølve handelen på ein nettbutikk.

– Det er det ikkje så mange som spelar eit instrument i dag som det var for 20 år sidan, dessutan var det mykje meir liv i gatene i Ålesund før, seier Geir Nakken.

– Synd at folk heller handlar på nettet

Ein av dei som ofte har vore innom Nakken Musikk i Ålesund, er Kjell Wangberg Larsen jr.

Kjell Wangberg Larsen jr

Kjell Wangberg Larsen jr syenst det er synd at han og andre musikarar misser Nakken Musikk.

Foto: Frode Berg / NRK

Han er hjerna bak «Back in The Fields Rock Festival» i Ålesund og synest det er synd at folk ikkje har støtta den lokale musikkforretninga.

– Det er synd at folk heller vel å handle på nettet, for å spare ein hundrelapp eller to, seier Wangberg Larsen.

– Det er ikkje slik det skulle ha vore

Det er ei familiebedrift med lange tradisjonar som no stengjer dørene. Trekkspelvirtuosen Gunnar Nakken og kona Laura Nakken var dei som starta opp butikken, som skulle verte ein arnestad for mange musikarar på Sunnmøre.

– Eg føler at det ikkje er slik det skulle ha vore, men slik er det seier Laura Nakken.

Sonen Geir Nakken, som har drive butikken til no, ser lyst på framtida sjølv om han synest det er leit å legge ned.

– Det er no trist, men livet går vidare. Det er ikkje noko vi kan gjere med det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL