– Vi var ganske nervøse, det var vi, men vi gjorde vårt beste og er godt fornøgde.
Det seier Johan Eckhoff etter Klassequiz-finalen i Oslo.
Saman med Magnar Iversen og Ådne Johannes Myrvoll er Eckhoff ein del av trioen som gjekk sigrande ut av fylkesfinalen i Klassequizen.
Dei slo ein jentetrio frå Vanylven i Møre og Romsdal-finalen, noko som gjorde at dei gjekk vidare til landsfinalen i Oslo.
- Les også:
- Les også:
Saka held fram under bildet.
Jubelen stod i taket etter at Smøla-gutta hadde vunne Klassequizen for Møre og Romsdal.
Foto: Ivar Lid Riise / NRK– Ei stor oppleving
Alle dei 19 fastlandsfylka i Noreg hadde lag med i landsfinalen, som blei sendt laurdag 19.55 på NRK1.
– Det var kjekt å møte og bli kjent med dei andre laga. Og så var det kjekt å få sjå kva nivå dei låg på, seier Eckhoff.
Landsfinalen i Klassequizen starta med innleiande finale.
– Det var ein del spørsmål vi hadde full kontroll på. Andre visste vi rett og slett ikkje, medan vi var usikre på nokre.
Til slutt enda Møre og Romsdal-laget på todelt fjerdeplass med 26 poeng. Laga som gjekk vidare, frå Sør-Trøndelag, Vestfold og Vest-Agder, hadde 28, 27 og 27 poeng.
– Er det eitt spørsmål det er spesielt ergerleg å ha bomma på når de var så nære?
– Nei, eigentleg ikkje. Det var kjekt å få vere med. Det var ei stor oppleving, slår Eckhoff fast.
- Les også:
Møtte kjendisar
I tillegg til Klassequiz-finale, med innspeling over to dagar, fekk Smøla-gjengen sjå NRK.
– Vi kom til NRK-huset ganske tidleg, og hadde lydprøver før innspelinga. Det tok kanskje tre timar. Etter opptak fekk vi ei omvising på NRK-huset.
– Og så møtte vi mange kjendisar, fortel Eckhoff.
Også lærar Marit Hopshaug fortel om ein svært fin tur, på alle måtar.
– Vi er kjempefornøgde med innsatsen. All ære til gutta som sette både Møre og Romsdal og Smøla på kartet.