Hopp til innhold

Ladar opp til nasjonal finale

Møre og Romsdal sitt håp i den nasjonale finalen i Klassequizen er på veg til Oslo. Stemninga er på topp, rapporterer laget frå Smøla.

Klar for landsfinalen i Klassequizen

Laget frå Smøla er klare for den nasjonale finalen i Klassequizen. F.v. Magnar Iversen, Ådne Johannes Myrvoll, Johan Eckhoff.

No nærmar det seg den nasjonale finalen i kunnskapskonkurransen for 10. klasser over heile landet.

– Vi er veldig spent og gler oss, seier Magnar Iversen.

Han skal saman med Johan Eckhoff og Ådne Johannes Myrvoll forsvare Møre og Romsdal si ære i kampen mot dei andre fylka om ein siger i Klassequizen.

Onsdag drog Smølaværingane til Oslo for å gjere seg klar til landsfinalen som blir sendt på riksdekkjande TV i beste sendetid. Programmet blir sendt kl. 19.55 laurdag med programleiar Solveig Hareide.

– Vi er godt førebudd. No har vi lest oss opp, spelt quiz på mobilen og læraren vår har laga til ting vi bør vite om.

I Møre og Romsdal har 18 skular vore med i konkurransen. For ikkje lenge sidan kunne ein få med seg at Smøla trakk det lengste strået i fylkesfinalen mot Myklebust barne- og ungdomsskule frå Vanylven.

Saka held fram under biletet.

Finalistene i Klassequizen 2013

Her er finalistane Smøla møter laurdag.

Foto: NRK / Montasje: Per Kristian Johansen

TV-stjerner for ein dag

Det blir ein stor TV-produksjon som møter finalistane. Dette er heilt nytt for gjengen frå Smøla.

– Det blir uvant, men klart det blir jo spanande og. Sjansen for å vinne er liten trur eg, men vi skal gjere vårt beste, seier han.

Gutane seier det er ei oppleving å berre vere med.

– Og om vi skulle stikke av med sigeren hadde det vore fole stas det, avsluttar Iversen.

Her kan du sjå reprise av heile finalen mellom Smøla og Myklebust.

Opptak Klassequiz i NRK 2013.

Fylkesfinalen i Klassequizen 2013.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL