Hopp til innhold

Nektar straffskuld etter dødeleg dykkarulykke

KRISTIANSUND (NRK): Den tiltalte sjefen i dykkarfirmaet nekta straffskuld då rettssaka mot han starta onsdag. Ifølgje tiltalen gjorde leiinga grove feil både før og under dødsulykka for tre år sidan.

 Nordmøre tingrett

RETTEN AVGJER: Den tidlegare daglege leiaren peika på morselskapet og dykkarane sjølve, når han fekk spørsmål om ansvar etter dødsulykka utanfor Smøla hausten 2014. No skal retten avgjere skuldspørsmålet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det var jakta på lukrative kamskjel som gjorde at den bulgarske dykkaren hoppa i havet utanfor Smøla ein haustdag for tre år sidan. Til saman var dei fem på arbeid. Berre fire kom frå det i live.

Den tidlegare daglege leiaren i Atlantic Strømøyvåg AS, der mannen arbeidde, er tiltalt for 12 brot på Arbeidsmiljølova. Han avviser at han har skuld for det som skjedde.

– Nei, han meiner han ikkje er juridisk ansvarleg for de rutinane som skulle vore etablert, seier forsvarar Olav Cecil Bowitz.

Knut Meek Corneliussen og Olav Cecil Bowitz

FORSVARAR: Aktor Knut Meek Corneliussen og Olav Cecil Bowitz, som representerer den tiltalte mannen i 50-åra, er usamde om kven som har ansvaret for dødsdykket.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Kven meiner han var ansvarleg?

– Det har han ikkje peika ut, han berre seier at det ikkje er han, seier Bowitz.

Men i retten hevda mannen i 50-åra at ansvaret ligg hos morselskapet Atlantic Discovery.

NRK har lagt fram påstanden for selskapet, men har ikkje lukkast å få nokon kommentar.

Mannen gjekk også langt i å seie at det var dykkarane sjølve som hadde ansvar for utstyr og rutinar.

Elleve sider lang tiltale

Det er nettopp kven som er ansvarleg for den alvorlege ulykka, som er hovudtema i saka.

Onsdag starta rettssaka mot den tidlegare daglege leiaren i Nordmøre tingrett. Dommaren starta med å lese opp ein elleve sider lang tiltale. Her kjem det fram at dykkinga blei gjennomført utan annan kartlegging av farar, risikovurderingar, planar og tiltak enn at kvar av dykkarane skulle gjennomføre to dykk kvar. Funksjonar som dykkeleiar, beredskapsdykkar eller loggførar var ikkje tydeleg peika ut, og det mangla dykkarline. Det var også feil på kommunikasjonsutstyret.

dykk

FLEIRE OMKOMNE: Selskapet har mist tre tilsette under kamskjel-dykking dei siste åra. Her frå ei dødsulykke i 2008.

Foto: NRK

– Det er ei alvorleg sak, det er ein omfattande tiltalevedtak som også dreiar seg om omfattande brot på Arbeidsmiljølova og tryggleiksforeskrifter som er gitt i medhald av Arbeidsmiljølova, seier aktor Knut Meek Corneliussen.

Tidlegare i sommar blei to meddykkarar bøtlagde med 25 000 kroner kvar etter dødsulykka. No risikerer den tidlegare daglege leiaren inntil tre års fengsel.

Tre dødsulykker på seks år

Det er ikkje første gongen Atlantic Strømøyvåg er involvert i alvorlege ulykker. To gongar tidlegare har dykkarar omkome under jakt på kamskjeldykking.

Wenche Brandstad

AKTOR: Wenche Brandstad representerer enka og dei to borna til den omkomne bulgarske dykkaren. Ho sa i retten onsdag at ho krev erstatning på vegner av klientane sine.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Aktor ser ikkje bort frå at det bli gitt vekt når det skal fastsetjast straff.

– Det vil vi kome tilbake til i avsluttande prosedyre fredag, seier han.

Wenche Brandstad er forsvarar for enka og dei to borna som den bulgarske dykkaren lèt etter seg. I retten onsdag bad ho om erstatning for dei tre på tilsaman 375 000 kroner. Ho ønskjer ikkje å kommentere kravet overfor NRK.

Det er sett av tre dagar til rettssaka i Nordmøre tingrett. Torsdag og fredag skal arbeidskollegaer og representantar for politi og Arbeidstilsynet forklare seg.