NRK Meny
Normal

Dagleg leiar tiltalt etter at dykkar omkom utanfor Smøla

Den tidlegare daglege leiaren for Atlantic Strømøyvåg i Sør-Trøndelag er tiltalt for ei rekkje brot på arbeidsmiljølova etter at ein dykkar omkom i jakta på kamskjel.

Knut Meek Corneliussen

Politiadvokat Knut Meek Corneliussen beklagar at det har tatt tre år å ta ut tiltale med den daglege leiaren. Han forklarer det med stor arbeidsmengd og ei komplisert sak.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det har snart gått tre år sidan dykkaren miste livet på jobb utanfor Smøla i november 2014. I lag med fire andre dykka han etter kamskjel for det no nedlagde selskapet Atlantic Strømøyvåg, med hovudsete i Sør-Trøndelag.

Ifølgje tiltalen gjekk dykkaren i vatnet klokka 11.58, og blei først hala om bord igjen i båten 58 minutt seinare. Då var han død.

No er den tidlegare daglege leiaren for selskapet tiltalt for ei rekkje brot på arbeidsmiljølova i samband med dykket.

Knut Meek Corneliussen

Politiadvokat Knut Meek Corneliussen beklagar at det har tatt tre år å ta ut tiltale med den daglege leiaren. Han forklarer det med stor arbeidsmengd og ei komplisert sak.

Foto: Roar Strøm / NRK

Vi meiner tiltalen viser at det er ganske mange føresegner for kva som er forsvarleg frå ein arbeidsgjevar si side, som er tilsidesett, seier politiadvokat Knut Meek Corneliussen ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

I ein ti siders lang tiltale kjem det fram at dykkinga skjedde utan kartlegging av farar og risikovurderingar.

Les også:

Kollegaer har fått førelegg

Meek Corneliussen seier dei i utgangspunktet etterforska til saman fire personar, som dei først sikta. Det var to kollegaer, som var ute i dykkarbåten saman med han som omkom, og ein som hadde eigarinteresser i selskapet.

Saka men den siste er lagt bort på grunn av mangel på bevis.

Tidlegare i sommar fekk to av kollegaene førelegg på 25 000 kroner kvar, for brot på dykkarforskrifta. Ifølgje Meek Corneliussen var bakgrunnen for førelegga at dei to ikkje utviste det ansvaret som dei burde gjort, under dødsdykket.

I tillegg blir no den tidlegare daglege leiaren i selskapet tiltalt, og tiltalen har ei strafferamme på tre år.

Les også:

Hadde dispensasjon

I tiltalen kjem det fram at Arbeidstilsynet hadde gitt dispensasjon til å dykke utan livline til båt, men under klare føresetnader. Men politietterforskinga skal ha avdekt fleire brot på dette:

  • Det ble ikke dykket med en slik nærhet at dykkerne ved behov kunne yte nødvendig og øyeblikkelig hjelp.
  • Det var ikke utpekt en reservedykker pr dykker i vannet, utstyret var ikke klargjort og på grunngav tidligere gjennomførte dykk medførte funksjonen fare for trykkfallsyke.
  • Båten holdt ikke tilstrekkelig nærhet til dykkerne.
  • Livline til dykker ble ikke holdt under oppsikt.
  • Kommunikasjonsutstyret holdt ikke en slik kvalitet at mannskapet på båten hele tiden kunne høre dykkerne puste og snakke.
  • Dykkerne ble ikke umiddelbart avbrutt på grunn av dårlig/manglende kommunikasjonsmuligheter med dykkerne.

I tillegg skal det ha mangla tilstrekkelege tryggleiksprosedyrar, arbeidsinstruksar, beredskapsplanar og naudprosedyrar.

Det skal også ha vore mangel på kommunikasjonsutstyret, og det ikkje tilstrekkeleg opplærte dykkarleiar, heller ikkje beredskapsdykkar klar, overvaking av dykkarane under vatn eller samarbeid med dykkarlege.

dykk

Selskapet har mist tre tilsette under kamskjel-dykking dei siste åra. Her frå ei dødsulykke i 2008-

Foto: NRK

Selskapet har tidlegare mist tre tilsette under kamskjel-dykking.

Advokat Olav Cecil Bowitz, som representerer den daglege leiaren ønskjer ikkje å kommentere saka. Det gjer heller ikkje den tidlegare styreleiaren i morselskapet Atlantic Discovery, Morten Welde.

Saka startar i Nordmøre tingrett 18. oktober, og det er sett av tre dagar.