Hopp til innhold

Formannskapet går inn for kutt

Formannskapet i Gjemnes går inn for forslaga til kutt som rådmannen har lagt fram, men dei vil prøva å unngå nedlegging.

Video Kutt Gjemnes

LYSFABRIKKEN: Sjå saka om Lysfabrikken sendt i går. Svake grupper i samfunnet kan miste tilbod dei har i dag når Gjemnes kommune må spare pengar.

Edgard Dyrli

DÅRLEG GJORT: Edgard Dyrli meiner det er dårleg gjort å kutte.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Nils Martin Sæther

MÅ KUTTE: Gjemnes-rådmann Nils Martin Sæther må skaffe balanse i kommunebudsjettet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Odd Steinar Bjerkeset

UTAN VAL: Ordførar Odd Steinar Bjerkeset (KrF), seier kommunen ikkje har anna val enn å kutte.

Foto: Roar Halten / NRK

Forslaget frå rådmann Nils Martin Sæther i Gjemnes kommune er å legge ned to barnehagar, dagsenteret for eldre og Lysfabrikken.

Formannskapet i Gjemnes kommune gjekk tysdag kveld inn for å kutte i drifta ved to av barnehagane i kommunen, Bergsøya og Heggem.

Kan miste aktivitetssenteret

NRK fortalde i går om Edgard Dyrli som i 16 år har støypt lys ved Lysfabrikken i Batnfjorden.

No kan det bli slutt for han og dei sju andre på arbeids- og aktivitetssenteret. Midt i juleførebuingane kom beskjeden om at kommunen må spare pengar.

Ordførar Odd Steinar Bjerkeset (KrF), seier til NRK at det mest truleg vert redusert drift ved arbeids- og aktivitetssenteret Lysfabrikken.

Har ikkje noko val

Bjerkeset seier dei ikkje har noko anna val enn å kutta i desse tilboda.

– Det er tragisk og trist at me må gå til det skrittet. Men andre saker er like viktige og me har kutta i både skule og helse elles, så eg trur nok me må ta eit tak no og så håpar me det at på barnehagesida at me kan komme tilbake til ny drift viss talet på barn aukar, seier Bjerkeset.

For barnehagar med ned til seks ungar er dyrt i drift, legg ordføraren til.

Underskotet auka med 22 mill. i år

Med eit underskot som vakse med 22 millionar kroner i løpet av året er kommunen pressa økonomisk på alle kantar.

For å hente seg inn igjen har kommunen mellom anna auka eigedomsskatten med 5 promille.

Vil unngå nedlegging

Rådmann Nils Martin Sæther seier til rbnett.no at han fekk signal om at dei aller helst skulle sett at dei fann andre løysingar enn nedlegging og heller prøve på ein mellomting med redusert kapasitet.

Budsjettforslaget er no ute på høyring og det vert teke ei endeleg avgjerd om kva som vert kutta i budsjettet i kommunestyremøtet 13. desember.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL