Tidlegare i vår gjekk det eit stort steinras, som sperra vegen i eit døgn. Raset har skremt dei som bur på Alnes, og som bruker vegen dagleg.
Har ikkje pengar til strakstiltak
Statens Vegvesen har sett i gang arbeidet med å vurdere strakstiltak for å redusere rasfaren, men fylkesordførar Ole Øverland seier det ikkje finst pengar til strakstiltak på denne strekninga.
Det er ei stor utfordring å skaffe fast dekke til dei mange fylkesvegane som i dag har grusdekke, seier Øverland.
Uroleg
Det var Sindre Røsvik(KrF) frå Giske som tok opp spørsmålet om kva som gjerast med den rasutsette strekninga. Røsvik er ikkje fornøgd med svaret frå Øverland.
Dette gjer med uroleg, sa KrF-representanten, fordi det betyr at vi med opne auge aksepterer ei svært rasfarleg vegstrekning. Må vi vente på ei ulukke før det skjer noe, spurte Røsvik.
Tunnel
Det folk på Alnes aller mest ønskjer seg, er tunnel gjennom det rasutsette omrdået. Dette vil truleg koste omlag 70 millionar kroner.