– Eg er i grunnen overraska. Spesielt når interpellasjonen blei oversendt og vedteke i desember.
Sunndal-ordførar Ståle Refstie er overraska over den negative innstillinga frå Ottar Brage Guttelvik.
Foto: Gunnar Sandvik/NRKDet seier Sunndal-ordførar Ståle Refstie. Saman med SV-politikar Ingrid Opedal og fylkesmann Lodve Solholm har han vore svært positiv til oppreisingsordninga.
Denne veka hadde dei statusmøte om situasjonen.
Like før møtet fekk dei derimot vite at Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik si innstilling til saka er negativ.
– I det som blei oversendt og vedteke i desember står det at saka skal utgreiast i samråd med fylkesmannen. Då for å sjå på moglegheita for å få til ei oppreisingsordning.
Refstie reagerer spesielt på at innstillinga frå Guttelvik er at ein ikkje skal greie ut i det heile.
- Les også:
Ordninga finst i mange andre fylke
Det var Opedal i SV som i desember fekk fylkestinget med på å vedta at fylkeskommunen skulle greie ut ei oppreisingsordning.
Ingrid Opedal (SV) er ei av fleire som har kjempa for oppreisingsordninga.
Foto: Trond Vestre / NRKMange andre fylke har allereie ei slik ordning for born som har vore utsett for overgrep og omsorgssvikt i offentlege institusjonar før 1992.
Men det har ikkje Møre og Romsdal.
Fylkesmannen ønskjer å bidra til realiseringa av ei slik ordning gjennom å finansiere eit sekretariat og ei fagleg nemnd for ordninga.
På måndag er det møte i fylkesutvalet, som då tek opp saka med ei negativ innstilling frå Fylkesrådmannen.
Refstie trur dårleg kommunikasjon kan vere grunnen.
– Misforståingar
– Det er kanskje litt misforståingar om kva dette inneber av forpliktingar for fylkeskommunen, eg veit ikkje.
Sunndal-ordføraren meiner det er relativt enkelt det fylkeskommunen har blitt utfordra på.
– Dei har det formelle arbeidsgjevaransvaret for ein sekretær som kan organisere dette. Ei fagleg nemnd, som skal vurdere det som kjem av søknader, må oppnemnast i tillegg.
– Dei er ikkje utfordra på økonomien, seier Refstie til NRK.
- Les også:
- Les også:
Saka held fram under bildet.
Fylkesrådmann Ole Brage Guttelvik meiner arbeidet vil bli for omfattande.
Foto: Trond Vestre / NRKGuttelvik meiner arbeidet er for omfattande
– Vi har ikkje juridisk kompetanse på dette området til å vere sekretariat, seier Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.
Han meiner at det er kommunane, saman med fylkesmannen, som bør gjere det.
– Forslaget vi har fått frå fylkestinget går på ei felles oppreisingsordning i offentlege institusjonar, som det står.
– Og offentlege institusjonar er så veldig breitt. Då er det snakk om sjukehus, barnevernsinstitusjonar og så vidare. Det meiner vi er eit altfor omfattande arbeid.
– Men mange fylkeskommunar i Noreg har teke på seg dette ansvaret. Dei er vel ikkje meir kompetente enn Møre og Romsdal fylkeskommune?
– Grad av inhabilitet
– Det er korrekt at nokre fylkeskommunar har teke ansvaret og nokre ikkje. Vi synest likevel ikkje at det er riktig at vi skal gjere dette.
Guttelvik meiner det i tillegg må sjåast i samanheng med ansvaret dei har for sjukehusa.
– Vi har hatt ansvar for rusinstitusjonar og barnevernsinstitusjonar. I den samanhengen kan det vere ei viss grad av inhabilitet. Då synest vi ikkje det er riktig at vi skal vere aktør gjennom ei sekretariat.
- Les også:
Guttelvik si negative innstillinga gjer ikkje at Refstie mistar motet.
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og RomsdalRefstie likevel positiv
Trass i den negative innstillinga frå Guttelvik er Sunndal-ordføraren likevel optimistisk.
Han meiner ein kan finansiere ein god del av ordninga gjennom fylkesmannen sine skjønnsmidlar. I tillegg håper han kommunane og KS vil vere interesserte i ei frivillig ordning.
– Eg har eigentleg god tru på at fylkesutvalet vil sjå på dette, vedta det og gå vidare med utgreiinga.
Han trur det vil gi eit signal om at fylkeskommunen kan ha det praktiske arbeidsgjevaransvaret.
– Sunndal, Rauma, Ålesund og fylkesmannen har allereie utarbeidd vedtektene til ei slik ordning saman, avsluttar Refstie.